Hopp til innhold

Leiter etter mann i sjøen i Florø

Politi og redningsmannskap leitar etter ein sakna mann i 60-åra i sjøen utanfor Florø. Omstenda rundt hendinga er framleis uklare, men redningsetatane kjenner seg rimeleg trygge på at ein mann faktisk har gått over bord.

Redningsaksjon etter sakna mann utanfor Florø

LEITEAKSJON: Redningsskøyta RS Emmy Dyvi er blant båtane som er sett inn i leitinga etter den sakna mannen.

Foto: Redningsskøyta Rs Emmy Dyvi

Mannen var saman med ein annan på ein liten fritidsbåt på veg mot Florø, og leitinga skjer i området kring Botnaneset i Norddalsfjorden.

– Vi veit eigentleg svært lite om kva som har skjedd, anna enn at ein rutegåande båt fann ein båt drivande i Florøvikane. Det var ein mann ombord som opplyste at det skal også ha vore ein til, opplyser operasjonsleiar hos Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Vereide.

Det er sett inn fleire båtar i søket, og det blir også gjort søk på land. Eit Sea King redningshelikopter vart ved 07-tida også sett inn i søket.

Sivilforsvaret i Flora deltek i leitaksjonen med 30 befal og mannskap. Dei leitar langs land i Florøbassenget i området ved Botnaneset. Eit søkjelag er i båt og tre lag driv strandsøk.

Søket pågår mellom Brandsøy, Florø og Årebrot som primærområde.

Uklart kva som har skjedd

Då NRK snakka med redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Nils Ole Sunde, tidleg måndag morgon sa han at det var usikkert kva som eigentleg hadde skjedd.

Leiteaksjon etter sakna mann i Flora.

LEITAR: To båtar leitar på sjøen, medan mannskap frå Røde Kors gjennomfører strandsøk. Eit Sea King-helikopterer har også starta søk.

Foto: Redningsskøyta Rs Emmy Dyvi

– Vi fekk melding på morgonkvisten at det er stor sannsynlegheit for at ein mann har gått over bord frå ein fritidsbåt, seier Sunde til NRK.no like før klokka 06.

– Dette skal ha skjedd utanfor oljebasen i Florø, i løpet i går kveld eller tidleg natt, seier redningsleiaren.

Skulle urinere

Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Verøy, seier dei vart varsla om den sakna mannen like over klokka 04 natt til måndag.

– Vi vart då gjort kjent med at det var ein båt med to personar i som var på veg til Florø. Ein av desse skal ha falle om bord i samband med at han skulle urinere, seier Verøy til NRK.no like før klokka 07.

Den andre personen har forklart til politiet at han ikkje har sett at mannen har ramla over bord. Men då han vart merksam på at den andre mannen ikkje lenger var der skal han ha gjort forsøk på å leite etter han i sjøen, utan resultat.

– Vi har ingen sikre tidspunkt på kor tid dette skal ha skjedd, men det er truleg ein gang i går ettermiddag eller kveld, seier Verøy.

Leiteaksjon etter sakna mann i Flora.

STRANDSØK: Mannskap frå Sivilforsvaret deltek i strandsøket.

Foto: Redningsskøyta Rs Emmy Dyvi

Teken hand om av politiet

Den andre mannen i båten skal ha kome til land ved Florø i natt. Politiet har teke hand om mannen i båten.

– Han vil bli forsøkt avhøyrt i løpet av dagen, seier Verøy.

– Har det vore rus inne i biletet?

– Politiet kjenner ikkje til omstenda og eventuell ruspåverknad i går ettermiddag eller kveld då dette skjedde. Men personen vi har teke hand om var rusa då politiet kom i kontakt med han, seier Verøy.

Fleire timar sidan

Sjølv om politiet ikkje har noko sikkert tidspunkt for kor tid mannen har hamna i sjøen, er dei merksame på at det har gått fleire timar.

Politiet vart først gjort kjent med hendinga lenge etter at mannen skal ha hamna i sjøen.

– Vi leitar etter ein person i håp om å finne han i live, men tidsperspektivet gjer at vi også må vere budde på at personen kan vere omkomen, seier operasjonsleiaren.

Leitar både på land og til sjøs

Ein skyssbåt og redningsskøyta «RS Emmy Dyvi» gjer i morgontimane søk ved oljebasen. I tillegg har ein av supplybåtane som ligg i området sett ein mindre båt på vatnet for å hjelpe til i søket.

Skipper på redningsskøyta «RS Emmy Dyvi» seier båtane som er sett inn i søket har fordelt området seg imellom.

– Vi gjer akkurat no søk mot land og holmar, seier skipper Tom Kausanrød til NRK.no litt før klokka 07.

Mannskap frå Røde Kors og politi leitar også på land.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.