Hopp til innhold

Denne larva gjer livet vanskeleg for norske plommedyrkarar

I fleire fruktdistrikt er skadedyret plommeviklar funne i større omfang enn før. Det gjer næringa uroa for framtida.

Plommeviklar i plommehage i Sogn

PLOMMEVIKLAR: Den vesle larva kravlar inn til steinen i plomma med ein gong egget blir klekt. Der et den fruktkjøt i tre veker, før han kryp ut att. Dei små, svarte prikkane er avføringa til larven.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Nye reglar gjer at dei som dyrkar plommer berre kan bruka sprøytemiddel kvart tredje år. Det gjer livet surt for dei som dyrkar norske plommer.

– Dette skadedyret kan gjera at me sluttar med plommer.

Agnar Nornes er i innspurten på plommehaustinga på fruktgarden sin langs Sognefjorden. 1900 plommetre som gir om lag 16 tonn frukt.

Agnar Nornes plukkar plomer på garden sin på Nornes i Sogndal.

PLUKKAR OG SJEKKAR: Agnar Nornes må sjå litt ekstra nøye på plommene han plukkar i år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kvar plomme må sjekkast litt ekstra nøye i år

For inni frukta kan det skjula seg ein liten gjest du ikkje ønskjer å finna etter du har tatt ein bit: Ei lita larve på rundt ein centimeter som heiter plommeviklar.

– Me ser etter eit lite sår i plomma der ho har gått inn. Så legg ho seg inne ved steinen og et fruktkjøt der. Finn me teikn på plommer som har larva i seg, må plomma ut av hagen og destruerast, seier Nornes.

Mista tilgang på sprøytemiddel

Før kunne Nornes bruka sprøytemiddel kvart år for å få vekk skadedyra. Men ikkje no lenger.

No kan dei berre bruka kjemiske plantevernmiddel kvart tredje år.

– Me må få godkjent eit nytt sprøytemiddel som tek skadedyret. Det er den einaste løysinga. Utan det kan det fort hende at me må gi oss med plommedyrking, seier han.

Nornes har vore heldig og berre funne rundt ti plommeviklarar totalt i si avling i år.

Andre produsentar ved Sognefjorden har vore meir uheldige, der nokre produsentar har funne larva i opp mot femten prosent av avlinga.

Plommeviklar som larve og vaksen

PLOMMEVIKLAR: Slik ser plommeviklaren ut som larve og sommarfugl.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kjenner seg forsvarslause

Utan å kunne sprøyta årleg, står både produsentane og biologane rådville att i frukthagane.

– Me føler oss ganske forsvarslause mot ein skadegjerar som potensielt kan gjera veldig stor skade på avlinga, seier Tonje Fjågesund.

Ho er rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) på Hermansverk i Sogn.

Tonje Fjågesund, NLR Vest

UROA: Tonje Fjågesund, biolog i Norsk Landbruksrådgiving, er uroa for skadepotensialet plommeviklaren har.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ho listar opp to hovudårsaker til at dei har funne larva meir på Vestlandet i år enn før.

– Det eine er at me ikkje lenger kan bruka sprøytemiddel kvart år. Det andre er truleg klimaendringar. Plommeviklaren treng varme somrar for å legga egg. Problemet er at løyvet til å bruka plantevernmiddel vart trekt, utan at det finst ein god erstatning, seier Fjågesund.

– Kor mykje hastar det? Kan de forska på dette i fire år før de finn ei løysing?

– Nei, det er verkeleg bråhast med å finna nye tiltak. Me er allereie uroa for korleis plommeviklaren og andre skadedyr vil påverka 2023-sesongen, seier ho.

Plommeviklar
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Første gong i Hardanger

Forskar Gunnhild Jaastad ved NIBIO fortel at omfanget aukar i Viken, Telemark og Sogn.

I Viken fylke har undersøkingar i plommefelta vist at det i eitt felt var så mykje som 40 prosent skade i år, skriv Nibio på sine heimesider.

Og for første gong har Jaastad sett larva i Hardanger.

– Om det aukar så mykje som det ser ut som det gjer no, så ser det stygt ut. Må produsentane kasta opp mot halvparten av avlingane sine, så hadde i alle fall eg gitt opp, seier Jaastad.

Pappfeller rundt trestammane

Det finst andre måtar å overvinna insektet på. Å festa bølgepapp rundt trestammane er eit av dei.

Etter at larva er ferdig med gildet inne i plomma, kryp ho ut att for å overvintra i bakken eller i trestammen. Men i staden for å finna seg ei sprekke i barken på treet, kryp den då inn i pappen. Når vinteren kjem, kan bøndene ta vekk pappen med larva inni og brenna det.

Nornes forsøkte dette på om lag 130 tre i vinter og fann larvar i om lag 100 av fellene. Men akkurat kor effektivt dette er, er endå usikkert. I tillegg er det veldig arbeidskrevjande.

Pappfelle rundt plommetre

FELLE: Bølgepapp rundt trestammen har vist seg å fungera. Men akkurat kor effektivt det er veit verken Nornes eller Fjågesund endå.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Jaastad fortel at botaniske sprøytemiddel kan vera noko å undersøka vidare. Luktfeller, såkalla feromonfeller, for å forvirra dyra slik at dei ikkje parar seg kan også vera ei løysing.

Men det tek tid og kostar pengar å få det godkjend på den norske marknaden.

Først må det testast ut. Så må ein jobba for å få det importert og slikt. Og det er ein liten marknad i Noreg og dyrt å søka godkjenning, seier Jaastad.

Mattilsynet har førebels ikkje vore tilgjengeleg for intervju om kvifor sprøytemiddelet Calypso, som bøndene brukte før, vart forbode. Men dei skriv følgjande i ein epost:

«Calypso ble forbudt fordi det aktive stoffet tiakloprid kan skade reproduksjonen hos mennesker og fleire av nedbrytningsprodukter av tiakloprid kan forurense grunnvann i konsentrasjoner over tillatt grenseverdi. Forbudet gjelder i hele i EØS-området.»