Hopp til innhold

Skada seg på ferie – vart beden om å reise frå sjukehuset midt på natta

Med ryggskade og problem med å bevege seg måtte Helene Vejlskov Vie forlate sjukehuset under eit ferieopphald i utlandet.

Skada seg på ferie.

SKADA RYGGEN: Helene Vejlskov Vie sklei og skada ryggen på ferie. Her blir ho hjelpt frå ambulanse og over i seglbåten igjen.

Foto: PRIVAT

– Det var skremmande. Berre det å bli truga med å bli kasta ut, ikkje ha nokon plass å reise og ikkje kunne bevege meg, seier Helene Vejlskov Vie.

Ho bur i Førde og på ein ferietur med seglbåt i Kroatia var ho uheldig. Ein morgon ho skulle handle inn til frukost, sklei ho på eit vått butikkgolv og skada ryggen.

Smertene var intense, ho kunne ikkje bevege seg. Lege og ambulanse vart tilkalla.

Vie hadde både reiseforsikring og Europeisk helsetrygdekort i orden .

På det første sjukehuset ho kom til vart ho grundig undersøkt og det var teke røntgen. Då legane ikkje kunne finne brot vart Vie sendt tilbake til seglbåten, utan å kunne stå på føtene.

Forsikringsselskapet ordna med behandling og opphald på eit større sjukehus.

Vie fortel at det var teke røntgen, men ikkje gjort andre undersøkingar. Ho fekk ikkje smertestillande, ikkje mat og drikke og måtte spørje mange gonger for å få gå på toalettet.

Legane fann ikkje noko på bileta og i ett-tida om natta fekk ho beskjed om at ho måtte reise.

– Det var beskjed om at eg var frisk, sjølv om eg ikkje kunne bevege meg, fortel Vie.

Vie, som sjølv er sjukepleiar på sjukehus, fekk argumentert seg til å vere litt lenger, men sju om morgonen måtte ho ut. Ein taxisjåfør hjelpte henne med å finne hotell.

Vie

Helene Vejlskov Vie måtte avbryte ferien etter at ho skada seg på ferie.

Foto: PRIVAT

Tilbodet varierer

Vie er svært fornøgd med hjelpa ho fekk av forsikringsselskapet, men ikkje frå sjukehusa.

Ho var forsikra gjennom kredittkortet sitt og fekk hjelp av SOS International, som er eigd av dei største forsikringsselskapa i Norden.

Karin Tranberg, divisjonsdirektør, Travelcare, SOS International, viser til skandinavar er vande til eit helsevesen med høg standard og at tilbodet andre stader i verda vil varierer frå land til land.

Karin Tranberg

Helsetilbodet vil variere frå land til land, seier Karin Tranberg i SOS International.

Foto: SOS International

Vi fører kontroll med legar, klinikkar og sjukehus vi har i nettverket vårt, så vi er sikre på at dei gir kvalifisert behandling, når vi viser pasientar dit. Men vi kan ikkje garantere ei behandling på same nivå som i Skandinavia, uttaler Tranberg.

Det er ikkje uvanleg at reisande må ha oppfølgande behandling når dei kjem tilbake til heimlandet.

I nokre tilfelle dekker reiseforsikringa berre akutt behandling, i andre tilfelle er behandlingsmoglegheitene i ferielandet ikkje rekna som gode nok eller det kan vere skade/sjukdom som ikkje lar seg ferdig-behandle med det same, opplyser SOS International.

Et Norwegian-fly står på flyplassen i Split i Kroatia

Det er ikkje uvanleg at reisande må ha oppfølgande behandling når dei kjem tilbake til heimlandet.

Foto: Christian Fougner / NRK

Halvparten av reiseskademeldingar er sjukdom

For mange er sjukehusopphaldet utfordrande. Det fungerer kanskje på ein annan måte, språk og kultur er annleis. Det kan forverre situasjonen om du er sjuk og treng hjelp, seier kommunikasjonssjef Heidi Tofterå Slettemoen i Frende Forsikring.

Ein stor del av reiseskademeldingane til norske forsikringsselskap skuldast sjukdom på reise. I tillegg kjem akutte skadar, opplyser Slettemoen.

Reiseforsikringa stiller økonomisk garanti ved skade eller sjukdom i utlandet, så du slepp å legge ut sjølv, fortel ho.

Selskapet dekker akutt og nødvendig behandling i utlandet, hjelper deg i kontakt med riktig lege eller sjukehus og har medisinsk personell som følger opp.

Også Slettemoen viser til at behandlingstilbodet utanlands vil variere, men at annleis ikkje alltid betyr dårlegare.

– Vel så ofte følger vi tett opp behandlinga for å unngå unødvendige behandlingar og ekstra innleggingsdagar. Du kan oppleve kjempegod service, når sjukehuset veit at rekninga er dekt.

Heidi Tofterå Slettemoen, kommunikasjonssjef i Frende Forsikring.

Det er stor variasjon i kva folk treng hjelp med på ferieturen, fortel Heidi Tofterå Slettemoen i Frende Forsikring.

Foto: Frende Forsikring

Dersom folk opplever å ikkje få tilfredsstillande helsehjelp i utlandet er rådet hennar å ha dialog med dei medisinske rådgjevarane eller alarmsentralen hos forsikringsselskapet.

Det varierer kva reisande treng hjelp til, frå magesjau til alvorlege hendingar.

Slettemoen har fleire råd til turen:

  • Nokre forsikringsselskap tilbyr medisinsk rådgiving før avreise for dei som har kjende sjukdomar.
  • Viss du kjem til næraste lokale sjukehus etter ei ulukke/hending, kan det vere mogleg å bli forflytta til eit anna sjukehus som er godkjent av forsikringssselskapet.
  • Ein del forsikringsselskap tilbyr videokonsultasjon med lege i Noreg for mindre alvorlege plager.
  • Dersom du oppsøker lokal lege i landet du ferierer i, er det lurt å ta vare på kvitteringar. Det kan vere at reiseforsikringa dekker utgiftene.
  • Er tanken på å kome på sjukehus på ferieplassen din avskrekkande, bør du kanskje vurdere reisemålet ein gong til.

Utanriksdepartementet har også laga ein app med reiseråd og reiseinformasjon.

– Ha forsikring og helsekort

Vie avbraut seglferien på grunn av ryggskaden. Ho snakka med lege og forsikringsselskap og tok fly til Danmark, der ho har familien sin.

Her har ho vore til ny undersøking. Ho bruker framleis krykker for å kome seg rundt og må ta tida til hjelp for å bli betre i ryggen.

Ho rår til å ha både Europeisk helsetrygdekort og reiseforsikring i orden når ein reiser på ferie.

– Ein veit aldri når det går gale. Eg veit ikkje kva som hadde skjedd om eg ikkje hadde hatt reiseforsikring. Då hadde eg sikkert sete der og vore fortvila enno.