Hopp til innhold

Usemje i Sogn og Fjordane Ap

Etter lang tid med strid i Helse Vest, har dommen kome. Og den ser ut til å bli knusande for føde, ortopedi, akuttilboda – og Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy.

FORSTÅR FRUSTRASJON: Ordførar for Ap i Vågsøy, Roger B. Silden, forstår partifellene hans er frustrerte.

Foto: NRK

No går Roger B. Silden, ordførar i Vågsøy, ut og seier han forstår godt at folk er misnøgde med partiet og melder seg ut i protest mot vedtaket i Helse Vest. Sjølv vil han ikkje svara konkret på om han blir verande i partiet.

Forstår folk sin frustrasjon

Roger B. Silden er ordførar for Arbeidarpartiet, og han seier at han forstår godt at folk melder seg ut av partiet i protest mot det som no har skjedd.

– Folk opplever det slik, at når dei sit heime og ser på nyheitene, og blir lova at lokalsjukehusa skal bli bevarde, så er det rett og slett å halde dei for narr, seier han.

Silden meiner det ikkje er rart at folk reagerer på regjeringa til partiet hans.

Rasande telefonar

Ap-ordføraren har fått mange telefonar på kontoret frå folk som er rasande etter innstillinga til Helse Vest. Så langt i år har Ap i Nordfjord hatt mange utmeldingar.

– Eg har veldig lyst å påverka internt i Arbeidarpartiet så lenge eg kan, men det er ikkje tvil om at eg har ein viss sympati for dei som vel å gje opp og melda seg ut, seier han.

HØYR KVA REDAKTØREN I FJORDABLADET TENKJER OM STRIDEN:

For eller mot sjukehus?

Nils P. Støyva

MOT EIGE FORSLAG: Nils P. Støyva er fylkesleiar i Ap, og var blant dei som støtta nedlegginga under kampen.

Foto: NRK

– Sogn og Fjordane Arbeidarparti har sagt at me vil behalda både sentralsjukehuset og lokalsjukehusa som dei er. Så dette er ikkje godt nok i forhold til dei krava, seier fylkesleiaren i partiet, Nils P. Støyva.

Han seier med dette at han vil kjempa for å oppretthalda lokalsjukehusa, og at han vil kreva meir pengar frå regjeringa for å halda på dette.

Ironisk nok var Støyva sjølv blant dei fylkestingrepresentantane frå Ap som støtta nedlegging når kampen stod på i fylkestinget. Men han seier no at framlegget er i strid med partiet sin politikk.

– Kor truverdig er det når du seier at du vil jobba for ei oppretthalding?

– No har me eit samrøysta representantskap i Sogn og Fjordane Ap, som seier dette. Så eg vil be om dette gjennom mine politiske kanalar, og fylgja opp vedtaka som vi har, seier Støyva.

LES OGSÅ: