Folkehelseinstituttet meinte helseplagene i Gulen skuldast
etter Vest Tank-ulukka. Denne veka leverer kommunelege Tommy Normann rapport til styresmaktene om framleis helseplager.LES OGSÅ:
- Det går mest på kvalme, hals, auge og generelt ubehag, seier Normann.
- Blir uvel og kvalm
Kommunelegen vonar at rapporten får styresmaktene til å gjere nye undersøkingar av helseplagene - og at det blir fortgang i å fjerne 400 tonn avfall som framleis ligg ved anlegget i Sløvåg. Det er dette avfallet som på varme dagar gjev i frå seg stygg lukt.
LES OGSÅ:
- Når lukta kjem, så kjem kvalmen snikande. Då blir eg uvel og kvalm, seier Ingrid Ringereide. Ho er ein av dei som har vore sjuke sidan i fjor.
Fryktar kreft
Jan Alexander i Statens Institutt for Folkehelse seier han ikkje vil kommentere saka før han har lest rapporten frå kommunelegen i Gulen. Heller ikkje Alexela Sløvåg har vore tilgjengeleg til å kommentere saka. Samstundes fryktar Bente Halsvik for langtidsverknadar for seg, mannen og fem ungar.
LES OGSÅ:
- Kreft liggjer sjølvsagt i bakhovudet og murrar. Vi er uroa for om ungane får etterreaksjon om nokre år, seier ho.