Skrapelodd er faktisk det som har størst appell til barn, og det burde difor absolutt vore aldersgrense, seier 84 år gamle Durand F. Jacobs. Han er psykolog, og er den i verda som i lengst tid har forska på spelegalskap. Han har vore i Noreg og førelese på seminar på Lillehammer og i Førde.
Lovord
Durand Jacobs er likevel full av lovord for det norske styresmakter no gjer for å regulera spelemarknaden og dermed redusere skadene blant dei som blir speleavhengige. Men om det virkar - det er han ikkje 100% overtydd om.
På seminaret i Førde var også klinisk sosionom Inge Nordhaug ved Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Helse Førde. Han er samd i at det er svært uheldig at det ikkje er aldersgrense på Lotto og skrapelodd.