Hopp til innhold

Sjefen i Argentum går av

Etter 16 år i sjefsstolen, går Joachim Høegh-Krohn av som administrerande direktør i Argentum.

Joachim Høegh-Krohn, adm. dir. i Argentum, sitter i en sofa og snakker

GÅR AV: Joachim Høegh-Krohn går av som administrerande direktør i Argentum.

Foto: Erlend Ass / NTB Scanpix

– Eg har kunngjort styret om at eg seier opp min stilling for å gå inn i partnarskap med Jan Olav Jørgensen og Bjørn Østbø i Idun Vesta, seier Høegh-Kron i ei pressemelding.

Dei siste vekene har Bergens Tidende avslørt korleis ein unik og svært lukrativ ordning, har gjeve Høegh-Krohn utbyte i millionklassen heilt sidan 2006.

Den administrerande direktøren kjem til å halde fram i oppseiingstida, men skal selja aksjane i Bradbenken Partner når han forlèt Argentum.

Næringsministeren kasta nesten heile styret

Sidan 2006 har Argentum-sjefen tatt ut over 135 millionar kroner i løn. I fjor åleine var utbyte på 24,5 millionar kroner.

Det er Nærings- og handelsdepartementet som eig selskapet, som vart oppretta i 2001. Målet til selskapet var å skapa avkastning og ein meir velfungerande kapitalmarknad for selskap som ikkje var på børsen.

Førre veke kunngjorde næringsminister John Christian Vestre at han kasta alle utanom eit styremedlem i Argentum, på grunn av denne utbyteordninga.

– Eg meiner at den samla ordninga verken står fram rimeleg eller er i tråd med moderasjonslinja denne regjeringa står for. Eg er heller ikkje fornøgd med den grad av openheit som er vist, sa Vestre til NRK.

Les også BT: Næringsministeren kastar nesten heile Argentum-styret

Jan Christian Vestre (Ap)

Til Bergens Tidende seier konstituert kommunikasjonssjef i Argentum, Marius Parmann, at avgangen ikkje har noko med avsløringane dei siste vekene å gjera.

Til NRK seier Parmann at dei jobbar med å få overgangen til å handterast på best mogleg måte for utviklinga til selskapet.

–Kva kjem denne avgangen til å gjera for Argentum?

–Joachim Høegh-Krohn har gjennom 16 år leia Argentum og bygga opp ein sterk organisasjon som skapar fantastiske resultat for staten som eigar, seier Parmann.