Hopp til innhold

BT: Næringsministeren kastar nesten heile Argentum-styret

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) kastar alle utanom eitt styremedlem i det statlege investeringsselskapet Argentum.

Jan Christian Vestre (Ap)

MISNØGD: Jan Christian Vestre er misnøgd med at styret i Argentum ikkje har greidd å stogga dei store utbetalingane av utbyte til leiinga i selskapet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Bergens Tidende har dei siste vekene dokumentert at administrerande direktør Joachim Høegh-Krohn har fått utbetalt over 135 millionar kroner som sjef for det statlege investeringsselskapet Argentum sidan han starta i stillinga i 2006.

Berre i fjor fekk Høegh-Krohn utbetalt 24,5 millionar kroner i løn, bonus og utbyte. Han ha vore blant dei best betalte toppsjefane i landet, og ifølge BT den soleklart best betalte statlege leiaren.

Argentum Fondsinvesteringar er eit norsk kapitalforvaltningsselskap. Staten eig selskapet gjennom Nærings- og handelsdepartementet. Selskapet blei oppretta i 2001 med mål om å skapa konkurransedyktig avkastning og ein meir velfungerande kapitalmarknad for unoterte selskap.

Bradbenken 1, der mellom anna Argentum, Wilson og Pelagia held til.

BRADBENKEN: Argentum held hus i dette bygget, med adresse Bradbenken 1, mellom Rosenkrantztårnet og Bryggen i Bergen.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

For å motivera dei tilsette til ekstra innsats, har ulike aksjonæravtalar gjort at leiinga i selskapet har motteke store utbetalingar av utbyte.

I eit brev sendt til Stortinget tysdag opplyser næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) at han vil gjera ei «større endring i styrets samansetning og bringa inn nye krefter.»

Det tyder at han vil erstatta styreleiar Kjell Martin Grimeland og resten av styret, forutan eitt medlem. Vedkomande kom inn i styret i 2021.

Dette skjer fordi han meiner styret burde ha stoppa dei store utbetalingane av utbyte til leiinga av selskapet.

Joachim Høegh-Krohn, adm. dir. i Argentum, sitter i en sofa og snakker

MILLIONAR: Joachim Høegh-Krohn har vore sjef i Argentum sidan 2006. Ifølgje BT fekk han i fjor 24,5 millionar kroner i løn, bonus og utbyte. Biletet er frå 2014.

Foto: Erlend Ass / NTB Scanpix

Misnøgd med Bradbenken-ordninga

Ei spesiell insentivordning for leiinga, kalla Bradbenken-ordninga, har gjort dei høge utbetalingane til leiinga av selskapet mogeleg.

– Eg meiner at den samla ordninga verken står fram rimelig eller er i tråd med moderasjonslinja denne regjeringa står for. Eg er heller ikkje fornøgd med den grad av openheit som er vist, seier Vestre til NRK.

Departementet har fleire gongar oppmoda styret til å sjå på korleis ordninga kunne forhandlast på ny for å avviklast eller endrast, opplyser Vestre.

– I møte med styreleiar og administrerande direktør i februar 2022 var eg tydeleg om statens forventningar til moderasjon. Eg har etter dette vore tydeleg på at eg vurderer styret ut frå mellom anna korleis det handterer Bradbenken-ordninga, seier ministeren.

Eksteriør av Bradbenken 1, der mellom anna Wilson, Pelagia og Argentum held til i Bergen

KONTOR: Argentum har kontor i byggets sjette og øvste etasje.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Argentums styre seier til BT at dei ikkje vil kommentera avgjerda til næringsministeren.

– Me har ikkje nokon kommentarar til innstillinga. Det er departementet som eig Argentum, og den dialogen me har med eigar held me internt, seier konstituert kommunikasjonssjef Marius Parmann til avisa.