Hopp til innhold

Kjem med heimesnikra plate

Odd Nordstoga har blant anna børsta støv av gamle songar når han kjem med den nye plata Aleine heime i morgon. Songane har han spelt inn heilt aleine i stova si med kassegitaren.

Låtskriver'n

I VINDEN: Odd Nordstoga er aktuell både med ny plate og turne.

Foto: News on Request

– Som den store egoisten eg er, så tenkte eg det ville vere moro å laga noko heilt aleine, ler trubaduren frå Vinje når han vert intervjua av NRK.

Om du følgjer Odd Nordstoga på Facebook har du kanskje lagt merke til at det har vore stor aktivitet der den siste tida.

Det har med jamne mellomrom kome ut videoar der artisten sit i sofaen sin og spelar ulike songar. Han fortel også litt om bakgrunnen til songane.

Alle songane du ser i videoane på Facebook kan du høyre på den nye plata.

Trudde han var svensk

På plata finn du nokre gamle slagerar frå Norstoga sjølv, men han har også lånt litt frå andre artistar denne gongen. Han har nemleg lagd sin eigen versjon av Lars Winnerback sin Om du lämnade mig nu. Songen er omsett til nynorsk og heiter Om du reiste din veg.

Nynorsk og svensk er jo på mange måtar veldig likt. Eg hugsar da eg jobba som lærar i Oslo og prata Vinje-dialekt. Da trudde halve klassa at eg var frå Sverige, seier Nordstoga.

Kva krav sette du til songane som skulle vere med på denne plata?

– Blant anna har eg teke nokre songar som har vore i midten på tidlegare for å gje dei den ekstra skyven eg meiner dei fortener, seier han.

Odd Nordstoga

NY PLATE: Plateomslaget til Aleine heime

Heim til Vinje

Utanom den nye plata er Nordstoga også aktuell med ein ny turne som startar førstkommande tysdag.

– Det gler eg meg veldig til, og denne gongen har eg også med meg bandet mitt, seier han.

I år går også turneen til heimkommunen Vinje i Telemark.

– Det blir veldig stas, sidan eg ikkje fekk reist dit sist eg var ute på vegen for å spele musikk. Men det blir nok litt flaut også, ler Nordstoga.

Kvifor er det flaut å spele i Vinje?

– Det er jo eigentleg ikkje det, men det vert jo veldig nært på ein måte, seier han.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark