Hopp til innhold

Sjark gjekk ned – 10.000 liter diesel om bord

Ein 14 meter lang sjark har gått ned like ved land i Måløy. Det er 10.000 liter diesel om bord, og brannvesenet jobbar med å få lagt ut lenser rundt havaristen.

Båt gjekk ned ved kai i Måløy

LENSER RUNDT BÅTEN: Brannvesenet legg lenser rundt båten, i tilfelle det oppstår ein lekkasje.

Foto: Seline Larsen / Fjordenes Tidende

– Det var fire personar om bord. Alle kom seg på land og er uskadde, seier Knut Dahl-Mikkelsen, operasjonsleiar i politiet.

Politi og brannvesen er på staden. Politiet snakkar med dei som var om bord for å finna ut av kva som skjedde. Brannvesenet legg ut lenser rundt havaristen, i tilfelle lekkasje.

Deler av båten skal framleis vera synleg over vassoverflata.

Det blir lagt ut lenser i tilfelle lekkasje, men akkurat no har operasjonsleiaren ingen informasjon om det er lekkasje eller ikkje.