Hopp til innhold

I dag skal Venstre i elden - sjå utspørjinga av Sveinung Rotevatn

NRK Sogn og Fjordane skal i løpet av valkampen spørje ut alle fyrstekandidatane til partia som stiller liste til stortingsvalet.

NRK Sogn og Fjordane skal i løpet av valkampen spørje ut alle fyrstekandidatane til partia som stiller liste til stortingsvalet. Fyrst ut er den yngste av dei, Sveinung Rotevatn som stiller for Venstre.

SJÅ UTSPØRJINGA DIREKTE: Du kan sjå utspørjing av Sveinung Rotevatn (V) direkte frå klokka 15:30. Utspørjar er Erlend Blaalid Oldeide.

Erlend Blaalid Oldeide

UTSPØRJAR: Erlend Blaalid Oldeide.

Foto: Johan Moen / NRK

Fyrst ut er den yngste av dei, Sveinung Rotevatn som stiller for Venstre. Han må svare for den kontroversielle 21 punktlista si, over alt han vil tillate. I tillegg vil han få spørsmål om kommunesamanslåing, miljøsaker, alkoholpolitikk og pelsdyr.

Har du spørsmål du meiner han må svare på, kan du sende e-post til sf@nrk.no

Du kan sjå utspørjinga i nett-TV eller høyre den på NRK P1.

Dette er Sveinung Rotevatn

Reporter Eldgrim Fossheim introduserer alle kandidatane, og har laga dette samandraget:

Sveinung Rotevatn er blitt omtala som eit politisk stjerneskot. Han trur han skal greie å komme på Stortinget til hausten, og det kan faktisk skje. Kjem Venstre over sperregrensa på landsplan, har ulike politiske analyser siste året peika på Rotevatn som ein slags favoritt til utjamningsmandatet her i fylket – eit mandat dei også kapra i 2005.

Glad i debattar og sterke meiningar

Men her er mange som kjempar om dette mandatet så Rotevatn kan håpe på at han framleis er ein vinnartype. Han er til dømes den einaste av listetoppane i fylket i år som har gått gjennom kampvotering mot to andre om førsteplassen på lista – og vunne med relativt knapp margin.

Han har gått til topps som leiar i Unge Venstre på landsplan – og han vinn ofte kampen om å komme i media. Debattglad, meining-sterk og ideologisk – ofte med kontroversielle meiningar – har han skaffa seg hyppig deltaking i debattar på riksplan. Kanskje er han – rundt i landet – dagens mest profilerte politikar frå Sogn og Fjordane, bak Liv Signe Navarsete.

Laga liste med 21 standpunkt

26-åringen frå Nordfjordeid er kanskje mindre kjend i heimfylket. Men han er lagt merke til med sine svært liberale meiningar.

Mest merksemd fekk han då han i Dagens Næringsliv i fjor laga ei liste med 21 standpunkt. Vi nemner i fleng: for aktiv dødshjelp, legalisert cannabis, vin både i park og butikk, for eggdonasjon, surrogati, alkoholreklame, kjøp av seksuelle tenester osv. Ei liste som gjorde at sjølv liberale venstrefolk her i fylket tvilte på om han var rett mann å sende på Stortinget for partiet.

Sjølv forsvara han seg med at han hadde på Unge-Venstre-hatten, og ungdomsparti har tradisjon for å kunne gå lenger enn moderparti. Han forsikra samstundes at han lojalt ville følgje det vedtekne partiprogrammet til moderpartiet om han vart kandidat.

Håper på stortingsplass

Rotevatn starta politisk karriere i Bergen Unge venstre i 2007, rykte opp til sentralstyremedlem året etter, og første nestleiar i Unge Venstre frå 2009, og leiar frå 2010. Han var valkampsekretær for paritet her i fylket under valkampen i 2009, og ved valet i 2011 vart han vald inn i Eid kommunestyre. I 2012 blei han kåret til årets europear av Europeisk Ungdom.

Utanom politikken er han også styremedlem i Noregs Mållag. Han er formelt student i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen, men har for tida full jobb som leiar i Unge Venstre, og trur han kan komme på lønningslista til Stortinget frå hausten.

Har du spørsmål du meiner Sveinung Rotevatn må svare på, kan du sende e-post til sf@nrk.no.