Hopp til innhold

Sjå skilnadane: Slik har smitten utvikla seg i Noregs fire største byar

Talet på nye smitta i Bergen har rast, medan Oslo framleis slit. Den omstridde fempersonsregelen i Bergen er årsaka til forskjellen, meiner medisinsk fagsjef. For enkelt, ifølgje FHI.

I haust starta den såkalla andre koronabølga. Smittetala begynte så vidt å stige i september, og auka raskt mot slutten av oktober.

28. oktober innførte regjeringa nye nasjonale innstrammingar i smitteverntiltak.

NRK har henta inn tal på smitta frå dei fire største byane i landet, og rekna ut smittetal per 100.000 innbyggarar.

Grafen over viser at særleg Bergen og Oslo blei råka av kraftig auke i tal på smitta personar, mens Stavanger og Trondheim har merka mindre til det.

Medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen

REDUSERTE SMITTEN: Trond Egil Hansen er medisinsk fagsjef i Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Gir fempersonsregelen mykje av æra

Dei to siste vekene har Bergen derimot fått grep om og senka smitten betydeleg, mens Oslo har gått ned noko, men framleis slit.

Bergens medisinske fagsjef gir den omdiskuterte fempersonsregelen mykje av æra for skilnaden byane imellom.

– Eg trur skilnaden i tillaten storleik på private samankomstar har betydning, seier Trond Egil Hansen om skilnaden mellom dei to storbyane.

– Ser du på dei siste 14 dagane, har vi oppnådd ein fin nedgang, men det er nedgang til eit framleis høgt nivå, samanlikna med Stavanger og Trondheim. Det kan ha noko med storbyfaktoren å gjere, held fagsjefen fram.

Også fredag held nedgangen i Bergen fram, med 25 nye smittetilfelle.

– Men vi er ikkje der at vi kan slå oss til ro.

Oslo har 155 nye smittetilfelle, ein nedgang frå 177 dagen før. Stavanger meldte i dag om tre nye registrert i går, og Trondheim om fem nye.

Ansatte på Vinyl bar i Bergen med munnbind første kvelden med nye koronatiltak

MUNNBIND: I Bergen må gjester og tilsette bruke munnbind når det er fare for at ein kjem nærare andre enn ein meter. Skjenkestadar stenger klokka 22. I Oslo er det full skjenkestopp.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

– Vi har lukkast betre

Hansen trur årsaka til suksessen til Bergen i det siste er at kommunen innførte dei strenge tiltaka då dei gjorde det den 6. november.

– Hadde vi utsett det ein til to dagar, hadde vi truleg hatt ein langt meir krevjande situasjon no, seier Hansen.

– Meiner du at Bergen er betre enn Oslo på smittehandtering?

– Om ein ser på utviklinga dei siste 14 dagane meiner eg det er grunnlag for å seie at vi har lukkast betre. Om ein ser heile hausten under eitt, ser vi at det har vore opp og ned for både Oslo og Bergen, seier Hansen.

Han informerte om skilnaden mellom dei to byane på eit møte med bergenspolitikarane tidlegare denne veka, skriv BT.

Bergen postkort

NEDGANG: Den siste veka har Bergen opplevd ei stor nedgang i talet på smitta. Dei strenge tiltaka held fram iallfall til 6. desember.

Foto: Marianne Løvland / NTB

Lågare R-tal i Bergen

Utviklinga speglar seg også i andre tal. Etter snart ein månad med strenge koronatiltak, er R-talet i området til Helse Bergen no på 0,6 for veke 47.

Det betyr at kvar smitta person i snitt smittar 0,6 andre personar. Slik minkar smitten.

– Det er gledeleg at R-talet går vidare nedover. Det betyr at tiltaka verkar og at befolkninga gjer jobben. Men vi kan ikkje senke skuldra enno, skriv Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus i ei Twitter-melding.

Fredag er sju personar innlagt med koronavirus, fem på Haukeland, og to på Voss. Det er to færre enn torsdag. Tre pasientar får intensivbehandling.

– No gjeld det å halde ut og dermed halde oss under 1, held Hansen fram.

– Oslo bør vurdere sin tiltakspakke

Også Oslo har innført ei rekke strenge tiltak, men har eit reproduksjonstal på 1,3 og trenden i smittetilfelle har vore aukande i det siste, ifølgje Folkehelseinstituttet.

– Oslo bør vurdere sin tiltakspakke dersom R-talet framleis blir utrekna til godt over 1, seier Hansen i Bergen.

Bjørn Sletvold er medisinsk fagsjef i Oslo kommune. I ein e-post til NRK påpeikar han at utviklinga har vore svært lik for både Oslo og Bergen gjennom hausten.

– Det er for tidleg å seie sikkert om Oslo og Bergen har klart å snu trenden i smitteutviklinga, men det ser lovande ut, skriv han.

Fagsjefen meiner at smittetiltaka i dei to byane i hovudsak er like.

– Framover er det viktig at befolkninga i begge byane står saman om lokalt vedtekne smitteverntiltak - som er forma av eigne kommunale styresmakter ut frå kjennskap til eigen by og lokale smitteforhold, i nært samråd med nasjonale styresmakter, skriv Sletvold.

Nakstad: – Oslo er ein større by

Espen Nakstad, assisterande direktør i Helsedirektoratet, peikar på at Oslo er ein større by enn Bergen, og at erfaring frå Europa viser at dei største byane brukar lenger tid på å få ned smittetala.

– Det kan skuldast demografiske forhold med større grupper av menneske som det tek tid å fange opp med testing og smittesporing, skriv Nakstad i ein e-post til NRK.

Han er samd i at det er svært viktig å avgrense talet på personar ein møter innandørs for å avgrense smittespreiinga.

– Men også mobilitetsreduserande tiltak er viktige. Det er derfor vanskeleg å samanlikne Oslo og Bergen på dette området, skriv Nakstad.

FHI: – Fempersonsregelen ikkje avgjerande

Overlege Preben Aavitsland i FHI trur at også Oslo vil klare å få kontroll, sjølv om hovudstaden framleis slit.

At Bergen tidvis har hatt større smittetal per 100.000 innbyggarar per dag enn Oslo, trur FHI er tilfeldig.

– Viss ein person som ikkje veit han er smittsam er på ein samankomst innandørs og kanskje smittar ti – tjue andre. Viss noko slikt hender i ein by, blir smittetala snøgt høge.

Han peikar også på at smittesporing må skje raskt

– Det er inga tid å misse. Viss dette byrjar å svikte, kan ein kome inn i ein negativ spiral der smitta nærkontaktar ikkje blir varsla og difor kan bli smittekjelder for andre. Det kan vere at ein i nokre av Oslos bydelar til tider ikkje heilt har klart å henge med, seier Aavitsland.

FHI peikar også på at Oslo truleg har hatt meir smitte hos gjestearbeidarar og innvandrarar, og at Oslo er ein enda større studentby.

Bergens medisinske fagsjef har uttala at fempersonsregelen truleg har vore avgjerande, og viser til at Oslo ikkje har denne. Er de samde?

– Vi trur det blir for enkelt å peike på einskilde tiltak som forklaring, seier Aavitsland.