Hopp til innhold

Sjå isen leike seg med strandsona

– Den leika med eit fundament på 16/17 tonn som om det var leiketøy, fortel Terje Reed Sørensen i Luster. I helga såg han fjordisen trekkje mot land, i sakte fart, men med stor kraft.

Seint, men med stor kraft, inntekt fjordisen land i Luster. Fascinerande, men ikkje sensasjonelt.

SJÅ: Seint, men med stor kraft, glir fjordisen på i Luster. – Fascinerande, men ikkje sensasjonelt syn, seier marinbiolog Torbjørn Dale ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. (Foto. Terje Reed Sørensen/Redigering: Oddleif Løset)

Det var fredag og laurdag at Terje Reed Sørensen såg isflaket kome drivande mot land ved Kjempeneset i Luster. Nyfiken på kva som kunne skje kasta han seg ned til fjorden og filma det heile.

Reed Sørensen anslår isflaket til å ha vore mellom 10 og 13 kvadratkilometer.

– Den kom sigande sakte og skauv steinane i strandsona framføre seg. Braut seg inn portar, og skubba steinar inn i vegfyllinga slik at steinane der vart pressa opp i vegbana. Det vart ein skade på vegen, men den er nok ikkje alvorleg, fortel Reed Sørensen.

Leika med fundament

På videoen ser ein isen kome sigande sakte men sikkert mot land. Eit betongfundament til landgangen til flytebryggja vart løfta opp og ned som om det var eit leikety.

Isgang i Luster

TEK SEG INN: Portane måtte gje tapt mot Dagmar i 2011. Her må dei gje tapt igjen ...

Foto: Terje Reed Sørensen

– Og det veg 16/17 tonn. Så det var veldig kraft i iskappa. Eg rekna iskappa til å vere 10 til 13 kilometer stor. Isen som braut inn fredag var mellom 20 og 30 centimeter tjukt, så ein blir veldig liten når ein ser slikt, seier Reed Sørensen.

Området er eit relativt nytt bustad, og hytteområde, nede ved Lustrafjorden.

Vind, vinter og tidvatn

Der Solstrand pensjonat ein gong stod, står i dag utleigehytter. Her måtte mange portar mot fjorden gje tapt for iskreftene.

Reed Sørensen sette sjølv opp ei hytte som stod ferdig i 2008. Dette er no gjort om til hus og Reed Sørensen har budd der i tre år.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fundament

LEIKE: Fundamentet står fritt i fjorden, men blir på få sekund omkransa av det gigantiske isflaket.

Foto: Terje Reed Sørensen

Sjølv har han ein teori om kva som sette det gigantiske isflaket i rørsle – mot land.

– Det har nok med tidvatn og vind å gjere, og at isen har ligge lenge. Vi har hatt tre månader med kompakt is på fjorden og isen har brote opp tidlegare andre år, seier han.

20 cm i sekundet

– Dette har nok heilt sikkert skjedd før her, men til skilnad så har menneske vore inne og tukla med området. No er det bustader, i motsetnad til tidlegare då det var svaberg og naturleg beitemark, seier han. Tjukna på isen har i vinter vore opp mot 70 centimeter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Isgangen gjorde skade på veg

SPREKKER: Isen skubba steinar føre seg så steinane vegfyllinga vart pressa opp i vegbana.

Foto: Terje Reed Sørensen

Marinbiolog Torbjørn Dalen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane stadfestar langt på veg teorien til Reed Sørensen.

– Vind eller straum har truleg sett fart på isen. Om den har fått begge deler, så har den fått ekstra fart og kanskje kome sigande kring 20 centimeter i sekundet.

– Sakte maktdemonstrasjon

Og for dei som tenkjer at det ikkje er særleg stor kraft i eit så stort isflak, berre høyr på dette reknestykket:

Torbjørn Dale

MARINBIOLOG: Torbjørn Dale.

Foto: privat

– Har du ein kvadratmeter is på 25 cm tjukkleik, så er det 250 kilo. For ein kvadratkilometer, så blir det 250.000 tonn. Snakkar vi ti kvadratkilometer, så har du 2,5 millionar tonn is, seier Dale og legg til:

– Det er ein sakte maktdemonstrasjon mot små pusleting, som flytebrygger, naust, fundament på 16–17 tonn eller det som skulle stå i vegen.

– Fascinerande

– Du har enorme krefter. Enkelt og greitt. Det er rett og slett ei stor, stor masse, og den massen i fart er ikkje lett å stogge, held Dale fram som sjølv er interessert og fascinert av isgangen.

Difor held han også eit godt auge med isen på Barsnesfjorden i Sogndal.

Men syner er meir fascinerande enn sensasjonelt. Spesielt når isen får god fart, er ekstra tjukk og treff litt spesielle stader.

Frykta meir skade

Reed Sørensen vedgår at han frykta isen ville gjere meir skade då den trefte land fredag og laurdag. I dag er den vekke frå fjorden.

– Det ante meg at det kunne skje noko då eg såg den kome sigande, men eg var redd for at den ville gjere meir skade enn den gjorde. At det skulle bli eit slikt fascinerande syn hadde eg likevel aldri tenkt meg, avsluttar han.