– Det er snakk om store mengder med is som har hopa seg opp i elva, seier NRK-medarbeidar Ronny Grimeland som har vore på staden.
Videoen øvst i artikkelen syner at Anga alt har gått ut over breiddene sine som ein følgje av is-oppdemminga.
I kveld har det vore relativt lite nedbør i Sunnfjord, men mykje nedbør siste døgnet og vedvarande snøsmelting får NVE til å varsle om raskt aukande vassføring.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det er venta mykje nedbø og mildt ver på Vestlandet onsdag og torsdag. Nedbøren er venta som regn under 800 til 1200 meter over havdet, opplyser NVE onsdag kveld.
Dei peikar på at mykje regn i kombinasjon med snøsmelting fører med seg fare for lokale flaumtilhøve som ein følgje av is elveløpa. Nett slik tilfellet er i Angedalen i Førde og i andre mindre vassdrag i fylket.
– Det er verkeleg store naturkrefter i sving, det er tydeleg å sjå , seier Ronny Grimeland.
- LES OGSÅ: