Hopp til innhold

Sivana (17) er på skulen i haustferien for å ta igjen det tapte etter streiken

Fleire elevar brukar haustferien på å ta igjen tapt undervisning. Men mange lærarar likar ikkje måten skulane hentar inn vikarar på.

Sivana Ali

BRUKAR HAUSTFERIEN GODT: Sivana Ali på Fyllingsdalen vidaregåande skole.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

– Eg stressa ganske mykje. Eg kunne ikkje jobba åleine heime. Eg prøvde, men det gjekk ikkje, seier Sivana Ali på Fyllingsdalen skole.

Ho er ein av mange elevar på vidaregåande skular i Bergen som brukar haustferien på å ta igjen noko av det tapte etter den langvarige lærarstreiken.

Fleire skular har hanka inn vikarar og studentar til å hjelpa dei med fag.

Pengane kjem frå lærarlønningane som ikkje vart utbetalt under streiken.

Elev: – Mykje å gjere

Det var Vestland fylkeskommune som oppmoda dei vidaregåande skulane om å tilby eit skuleopplegg i ferien.

Men sidan lærarstreiken vart blåst av rett før, fekk berre 6 av 14 vidaregåande skular i Bergen det til.

Ein av skulane som hanka inn ekstra ressursar i ferien, er Bergen Katedralskole.

Her har dei tilbydd faghjelp i alle fag. På det meste har rundt 60 elevar vore innom.

– Eg kjenner vi har mykje å gjere. Difor må vi jobbe raskare enn i fjor, seier andreklassing Håvard Løvlid.

Rektor Karen Kristine Rasmussen seier dei prøver så godt dei kan når det kjem til undervisningstilbodet.

– Elevane er ein tredjepart som har mista noko, så me må saman prøva å kompensera så godt me kan, seier Rasmussen.

Håvard Løvlid. Bergen Katedralskole

DÅRLEGARE TID: Andreklassing Håvard Løvlid, seier det er mykje å lera seg på kort tid.

Foto: Linnea Skare Oskarsen

– Bøting på konsekvensane av streiken

Norske fylkeskommunar som vart råka av streiken, har spart millionbeløp på lønna lærarane eigentleg skulle ha fått, viser tal NRK har fått frå fylka:

  • Troms og Finnmark: 14 millionar kroner
  • Trøndelag: 20 millionar kroner
  • Viken: 43 millionar kroner
  • Vestfold og Telemark: 7 millionar kroner
  • Vestland: 40 millionar kroner.

Eit samrøystes Vestland fylkesting vedtok å gje desse pengane tilbake til skulane og det er desse midlane som no blir brukt til vikar- og studentlønningar.

Dei fleste lærarane er positive til at elevane får meir faghjelp, men ikkje alle er samde om metoden, fortel leiar i Utdanningsforbundet i Bergen, Bente Myrtveit,

– Mange lærarar vil vera frustrerte over det me oppfattar som ei bøting på konsekvensane av streiken, seier Myrtveit.

Myrtveit seier ho forstår at lærarar føler at streiken var til inga nytte. Ho legg til at det likevel er vanskeleg å angripa at elevar frivillig får sosiale og faglege tilbod.

– Dei tilboda dei set i gang er ikkje ein erstatning, det er eit tillegg.

NRK har mellom anna spurt Kunnskapsdepartementet om dei meiner det er greitt at skulane bruker lærarlønningane på ekstratilbod,mvikarar og studentar.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) ønskjer ikkje å stille til intervju om saka.

Bente Myrtveit, leiar i Utdanningsforbundet Bergen

Bente Myrtveit i Utdanningsforbundet i Bergen meiner mange lærarar kan bli frustrerte av metoden skulane brukar.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Fylkesordførar: – Har forståing for lærarane

– Eg har den største forståing for den frustrasjonen lærarane føler på, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Han legg vekt på at dei ikkje tok ein aktiv part i streiken, men at deira motivasjon var å hjelpa elevane.

NRK får opplyst at berre ein liten del av potten har gått til opplegg i haustferien. Resten kan difor porsjonerast utover skuleåret ved behov.

Skulane er oppfordra til å etablere tilbod som leksehjelp, temakurs, auka lærartettleik og meir ferieskule. Det opplyser avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, Bjørn Lyngedal.

Askeland seier at fylket også vil setja inn store ressursar på å hjelpa elevane etter avtale mellom fylkesadministrasjonen og hovudtillitsvalde.

– Kapasitetsutfordringa vert å ha nok menneskelege ressursar til å møta elevane sine behov både fagleg og psykososialt.

Jon Askeland

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) leier fylkestinget som vedtok at løna skulle gå tilbake til skulane.

Foto: Paul André Sommerfeldt

Motivert

Medan diskusjonen går føre seg over hovudet deira, sit elevane på Fyllingsdalen skole og jobbar seg gjennom matte og fysikk, med god hjelp frå lærarane.

– Eg trur det går bra, men det blir litt ekstra jobbing på grunn av streik og sånn, seier Sivana.

– Men du er motivert til det?

– Ja. For å få gode resultat må ein jobba, slår Sivana fast.

Sivana Ali og lærervikar Jon Sverre Dyrkolbotn

FEIRELÆRING: Lærarvikar Jon Sverre Dyrkolbotn brukar haustferien på å undervisa vgs-elevane. Her løyser han og Sivana eit mattestykke saman.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK