Hopp til innhold

Bustadbrannane i Sogndal er sløkte

Brannmannskap skal ha fått sløkt bustadbrannen i Sogndal sentrum. – To hus er totalskadde, opplyser alarmsentralen i Florø.

Bilder av brannen i Sogndal

TAPT: To bustadhus fekk store skader under brannen i Sogndal natt søndag.

Etter ein hektisk kamp mot flammane klarte brannmannskap å hindre spreiing til fleire enn dei to husa.

– Brannen vart meldt sløkt klokka 0342. Dei driv no med etterkjøling og vil halde fram med ettersløkking utover morgonen, opplyser vaktleiar Jan Gunnar Holvik til NRK like over klokka 04.

Brannen starta i 02-tida i eitt bustadhus, men spreidde kort tid etter til eit anna hus. Det var lenge fare for at brannen ville spreie seg til fleire hus.

Bustadbrann i Sogndal

FULL FYR: Eit bustadhus står i full fyr i Sogndal sentrum.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det er gamle trehus som står relativt tett og det bles, så det er fare for spreiing. No har vi fleire ulike brannkorps som angrip flammane med sløkkevatn frå ulike kantar, seier vaktleiar Jan Gunnar Holvik

Det var folk i huset som byrja å brenne, men desse skal ha blitt berga ut.

I tillegg til brannmannskap frå Sogndal, rykte også brannkorpsa i Gaupne, Leikanger og Førde ut til brannen. Klokka 0330 melde politiet at 10–12 personar var evakuerte.

– Folk som bur nærast huset blir evakuerte. Skadde blir sendt til Sogndal omsorgssenter. Den siste meldinga gjekk på at tre personar var sendt til sjekk fordi dei hadde pusta inn røyk, opplyste Holvik til NRK.

Bustadbrann har spreidd seg i Sogndal

FULL FYR: Sogndal sentrum blir evakuert. Brannen har allereie spreia seg til to, kanskje tre bygningar.

Foto: Arve Uglum / NRK

Marianne Føleide hos Vest politidistrikt i Florø opplyste samstundes at situasjonen var kaotisk og at politiet prøver å få oversikt over både skadde og evakuerte.

Vi har ikkje skikkeleg kontroll på om husa er tomme, men vi håpar at vi har fått ut dei som har vore der, seier Holvik.

Bustadbrann i Sogndal.

BRANNSLØKKING: Brannvesen frå Sogndal, Førde og Leikanger blei kalla ut til å hjelpe med sløkkinga.

Foto: Arve Uglum / NRK