Hopp til innhold

Sikra seg straffemerket frå Fosshaugane

Eldar Skjeldestad Åsebø var om seg då naturgraset på Fosshaugane Campus skulle fjernast. Han sikra seg det eine straffemerket.

Straffemerke frå Fosshaugane

STRAFFEMERKE 1: I stova til Eldar Skjeldestad Åsebø.

Foto: Eldar Skjeldestad Åsebø

Som tilsett i Sogndal Fotball var det enkelt for han å spa opp troféet, som no har fått plass i ei blomsterpotte i stova hans.

– Eg har tenkt på det ei stund at eg skulle sikre meg eit minne frå Fosshaugane-graset, og i går kveld etter kampen mot Sandnes Ulf vare tida inne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eldar Skjeldestad Åsebø med dei nye Sogndal-draktene.

SOGNDAL FOTBALL FOR ALLE PENGANE: Eldar Skjeldestad Åsebø er tilsett som prosjektleiar i Sogndal Fotball.

Foto: Privat

Rune Bolseth mot RBK i 2002

Det var fleire troféjegerar ute i same ærendet, men ingen av dei hadde teke nokon av straffemerka. Og for Eldar var det viktig å få tak i straffemerket mot dalen.

– Der har det vore teke mange viktige straffespark, mellom anna skåra Rune Bolseth derifrå mot Rosenborg i 2002. Asle Hillestad sette inn vinnarmålet mot Rosenborg i 1998, men det var på det gamle graset, det som forsvann no vart lagt i 2002.

No har straffemerket fått sin plass i stova.

– Eg fann ei ledig blomsterpotte, eg reknar med at sambuaren min ikkje er heilt glad for det, men eg håpar at graset rotar seg. Eg skal iallfall vatne og stelle det.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Siste grasbust på Fosshaugane stadion

SJÅ TV-SAK: Siste grasbust på Fosshaugane Campus.

Det andre straffemerket?

Og lurer du på kvar det andre straffemerket har teke vegen, så finn du det ikkje så mange meter frå der det har vore i mange år: På lokalkontoret til NRK Sogn og Fjordane på Fosshaugane Campus.

Journalist Arve Uglum tok og spaden i bruk etter at den siste kampen på naturgraset var ferdigspelt og sikra seg det andre straffemerket mot Sogndalsfjøra.

Straffemerket frå Fosshaugane på NRK-kontoret

STRAFFEMERKE 2: På NRK-kontoret på Fosshaugane.

Foto: Arve Uglum / NRK