Hopp til innhold

Sikra andre storkontrakt på ei veke

Havyard Group AS har sikra seg ny storkontrakt med det færøyiske reiarlaget Supply Service Pf.

Forsyningsskip frå Havyard

NY AVTALE: Færøyiske Supply Service Pf. kjøper sitt fjerde forsyningsskip frå Havyard Group.

Foto: HARALD M. VALDERHAU

Før helga presenterte Havyard avtalen på 500 millionar kroner med eit indisk reiarlag . I dag vart det kjent at Havyard Leirvik skal levere sitt tredje forsyningsskip til den færøyiske reiaren Tummas Justinussen.

Reiarlaget Supply Service var det første som bestilte designen Havyard 832, som har vist seg som ein stor suksess.

– Vi vonar dette er starten på ein lang og god relasjon til Færøyane og den framtidige oljerelaterte næringa som er i ferd med å byggje seg opp der, seier direktør for forretningsutvikling og sal nybygging i Havyard Group AS, Tor Leif Mongstad.

Starta på eigen risiko

Fartyet blir det 14. som verftet leverer av 832-designen. Forsyningsskipet skal leverast juli neste år og har ein kontrakt på kring 300 millionar kroner.

Mongstad opplyser at skroget allereie er under produksjon ved verftet i tyrkiske Cemre. Skipet skal rustast ut i Leirvik.

– Vi sette i gang bygginga på eigen risiko, og no er den klar i Tyrkia. Vi har prøvd å plassere den, og det har vi klart å gjere på Færøyane, seier ein godt nøgd Mongstad til NRK.no.

Les meir om verftet i Leirvik i artikkelen Hjørnesteinsverksemda Løland Verft i Fylkesleksikonet.

Arbeid til 2013

På under ei veke har verftet presentert avtalar for 800 millionar kroner. Mongstad seier dei no har ordrereserve til juni 2013 og arbeider med kontraktar utover det.

– Dette betyr arbeid og sysselsetjing i Leirvik først og fremst, medan det som gruppe betyr at vi kan sjå vidare og arbeide med nye kontraktar og båtar, seier Mongstad.