Hopp til innhold

Sikra kontrakt til 500 millionar

Havyard Group AS har signert kontrakt med det indiske reiarlaget Global Offshore Lt.

Arkivbilete: Havyard Leirvik

NYTT BYGG: Havyard Leirvik skal byggje nok eit skip for indiske Global Offshore.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Kontrakten verd kring ein halv milliard kroner, gjeld levering av to supplyskip.

– At det indiske reiarlaget no inngår kontrakt om to nye supplyfarty, tek vi som ei godkjenning av arbeidet som har blitt gjort frå vår side. I tillegg er det ei stadfesting på kor attraktivt Havyard 832-designen har vist seg å vere, seier ein strålande nøgd konsernsjef i Havyard Group, Geir Johan Bakke.

Nøgde indarar

Reiarlaget heitte inntil nyleg Garware Offshore, men har endra namnet fordi selskapet går frå å operere berre i India, til å operere i heile verda. Børsregistrerte Global Offshore er børsregistrert i Mumbai, og har per dags dato 12 farty i drift.

Geir Johan Bakke, konsernsjef i Havyard Group.
Foto: Havyard Group

Bestillinga frå indarane er nummer 13 og 14 av 832-designen til Havyard. Det blir også bygg nummer seks og sju som verftet i Leirvik leverer til reiarlaget.

– Vi er glade for å kunne halde fram å utvikle det gode samarbeidet med Havyard Group, eit samarbeid som har sytt for god vekst i begge selskap, seier Aditya Garware, visepresident i Global Offshore.