Hopp til innhold

Forlenga avtale verdt 20 millionar

Sogndal Fotball har fått forlenga sin sponsorkontrakt med Sparebanken Vest. Kontrakten er verdt 20 millionar.

Sponsorkontrakt signering

AVTALE I BOKS: Viseadm. direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest og dagleg leiar i Sogndal fotball Egil Mundal er begge nøgd med at sponsoravtalen vart forlenga.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

Sparebanken Vest som har vore generalsponsoren til Sogndal Fotball forlenga kontrakten med nye fire år på søndag ettermiddag.

Det vil seie at Sparebanken Vest vil vere generalsponsor også frå 2014–2017.

– Dette er den største samarbeidsavtalen klubben har, så det er eit heilt avgjerande fundament for at vi held fram med å tenkje langsiktig og ambisiøst og utviklande. Så det er vi utruleg glade for, seier Sogndal sin daglege sportslege leiar; Egil Mundal til NRK.no.

Heilt avgjerande

I ei pressemelding seier han at satsinga til Sparebanken Vest i Sogndal har vore heilt avgjerande.

– Den har vore avgjerande for at vi har kunne utvikla klubben og Fosshaugane Campus til det dei har blitt i dag, seier han.

Sogndal Fotball seier dette er den mest omfangsrike avtalen i Sogn og Fjordane si historie.

Avtalen inneber at Sparebanken Vest vil vere klubbens største samarbeidspartar også i åra som kjem.

Divisjonsuavhengig

– Vi ønskjer å spele i Tippeligaen heile tida, det er her den aller beste utviklingsarenaen er, men det er også viktig at spel på nest øvste nivå i minst mogleg grad påverkar den langsiktige utviklinga av klubben, seier Mundal.

Kontrakten er verdt 20 millionar, og uansett kva divisjon Sogndal spelar i, vil den gjelde.

Han meiner det vitnar om godt leiarskap og solid samfunnsansvar når banken gir dei tillit på denne måten.

– Dette gjer at vi kan ha fokus på utvikling, i tillegg får vi tenkt meir langsiktig enn vi elles kan. Spesielt på det sportslege støtteapparatet er det viktige roller å kle sjølv om du ikkje ser den umiddelbare effekten av ein sånn resurs, seier Mundal.

Fruktbart samarbeid

– Vi er svært nøgd med det fruktbare samarbeidet med Sogndal Fotball. Både banken og klubben er sterke merkevarer på Vestlandet som vi begge har ambisjonar om å utvikle vidare, seier Jan Erik Kjerpeseth Viseadministrerande direktør i Sparebanken Vest.

Han seier til NRK at han føler dei har fått mykje att for samarbeidsavtalen i Sogndal.

– Vi har no hatt eit langt og godt samarbeid med Sogndal Fotball og har veldig gode erfaringar i den perioden, seier han.

Sparebanken Vest er no inne i den andre perioden som sponsor for Sogndal og med ei ny avtale går dei inn i den tredje.

– Sogndal har utvikla både produktet sitt, campus, og ikkje minst organisasjonen i ei positiv retning, seier Kjerpeseth.

Han er veldig trygg på at dette er rett for banken vidare.