Tollarane kverrsette i alt 7600 sigarettar ombord i båten.
Tollvesenet gjekk i går kveld til aksjon mot eit russisk frakteskip som låg til kai i Måløy. Aksjonen vart sett i gang etter at ein sjømann prøvde å selje sigarettar til Narvesen, men der møtte han dagleg leiar, Per Asle Madsen.
Han var ikkje interessert i å kjøpe sigarettar, og sa høfleg nei takk. Etterpå kontakta Madsen politiet og fortalte kva han hadde opplevd.
Kjøpmannen får ros
Kort tid etter vart sjømannen teken hand om av lensmannen i Vågsøy, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Odd Solvåg, som rosar Per Asle Madsen for måten han handla på. - Han handla korrekt ved å avstå frå å kjøpe sigarettane, seier han.
Politiet fann seks kartongar med sigarettar på sjømannen, men fekk straks mistanke om at det var meir å hente. Difor gjekk tollvesenet i Måløy til aksjon mot skipet i samarbeid med tollvesenet i Ålesund og lokalt politi.
Fann 7600 sigarettar
På skipet fann tollvesenet 7600 sigarettar i ein lugar, fortel kontorsjef for grensekontroll ved Tollvesenet i Ålesund, Helen Sjåholm. Ho seier dei ser på sigarettane som smuglargods, og reknar med at dei var berekna for ulovleg sal.
Forholdet vert no meldt til politiet, og når førelegget er vedteke, får skipet lov å forlate Måløy. Sjåholm seier det ikkje er uvanleg med beslag på 7600 sigarettar.