Hopp til innhold

Havarikommisjonen treng meir tid - må vente med å konkludere

Statens Havarikommisjon for transport har enno ikkje bestemt seg for om dei kjem til å gjennomføre ei full granskning av dødsulykka på riksveg 55 ved Fardal.

SHT og bussen

HAR DET MESTE: Havariinspektør Tor Østberg stadfestar at dei har det meste av opplysningar, men at dei endå ikkje har rukke å konkludere.

Foto: Christian Blom/Anders Veberg / NRK

– Så langt har vi ikkje kome enno. Det vil gå litt meir tid, seier havariinspektør i SHT, Tor Østberg.

Dermed pågår framleis forarbeidet for å gjere ei vurdering om Statens Havarikommisjon vil føreta ei full gransking av dødsulykka på riksveg 55, der to bussar frontkolliderte.

Østberg var saman med ein kollega på plass ved Fardal for å ta dei skadde køyretøya etter dødsulykka førre måndag, i nærare augesyn.

To kvinner, ei norsk og ei taiwansk, omkom då ein norsk rutebuss og ein svensk turistbuss kolliderte på riksveg 55 i Fardal.

Mista lappen for aktlaus køyring i 2011

Sjåføren av den svenske turistbussen er sikta for aktlaus køyring, men stiller seg uforståande til siktinga. Den sikta sjåføren mista i 2011 sertifikatet for å ha teke ei aktlaus forbikøyring med buss.

Den no 54 år gamle mannen frå Göteborg fekk også ei bot på 8000 kroner.

Det vart også gjennomført ei rekonstruksjon av ulykka. Denne stadfesta mange av vitneutsagna om at den svenske turistbussen har vore for nær midten av vegen då ulykka skjedde.

– Føremålet var å få avkrefta eller stadfesta opplysningane vi hadde frå før, og eventuelt skaffe oss tilleggsinformasjon, seier Åge Løseth, som er lensmann i Sogndal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

REKONSTRUERTE: Politi og Statens vegvesen rekonstruerte ulykka. Foto/redigering: Christian Blom.

Manglar oppsummeringa

Havariinispektørar frå SHT var også til stades på rekonstruksjonen.

– Vi har det meste vi treng av opplysningar, men vi har ikkje fått oppsummert her på huset. Dermed er det ikkje teke noko avgjerd på om det blir ei full gransking, seier Østberg.

Statens Havarikommisjon for transport er ein offentleg undersøkelseskommisjon, og må ikkje blandast i hop med ulykkesgruppa/ulykkesanalysegruppa til Statens vegvesen.

Målet med SHT sine undersøkingar er å greie ut tilhøve som kan ha mykje å seie for å førebyggje transportulykker. Dei tek ikkje stilling til sivilrettsleg eller strafferettsleg skuld og ansvar.

Statens Havarikommisjon har frå før oppretta full gransking av brannen på E16 Gudvangatunnelen, noko som også krev ressursar.

– Det er mykje på ein gang, og det både er og har vore, travelt, seier Østberg.