Dei store omstillingsproblema i Årdal kan vere grunn god nok til å gje dispensasjon, seier Ingrid Bjotveit, direktør for næringslivsavdelinga i SFT.
ScanWafer sa nei til Årdal
Fredag høyrde vi korleis ScanWafer la død planane om produksjon i Årdal, eit prosjekt som ville medført 200 sårt tiltrengde arbeidsplassar. Dette skulle være ei erstatning for 500 arbeidsplassar som forsvinn når Hydro Aluminium stengjer dei eldste omnane i Årdal og rasjonaliserer drifta elles.
Arild Ingar Lægreid Arkivfoto NRK
Søk om dispensasjon!
Grunnen til at Hydro legg ned produksjonen i dei gamle Søderberg-hallane er nye utsleppskrav som trer i kraft 1. januar 2007. Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, meiner Hydro no må søkje om dispensasjon.
- Hydro bør vise vilje
Og Odd Semstrøm, leiar i Årdal Kjemiske Fagforeining, meiner det heile burde vere ei enkel sak for Hydro viss dei viser litt vilje.