Endre Fjellestad i Sogn og Fjordane Energi meiner fallet i marknaden må kome kundane til gode. 20.000 kundar slepp prisoppgangen til 1,20, som dei har fått brev om.
Sprengkulden er over, og regnet pøsar ned over oss i store mengder. Og med regnet fell prisen på straum på den nordiske kraftbørsen. Det skal gje oss lågare prisar for straumen, skulle ein tru. Men sjølv om prisen fell på børsen er det ikkje alle selskapa som tek seg bryet med å sette ned prisen, i staden pressar dei sitronen til siste dråpe. Det betyr at det er kroner å spare for deg som skifter kraftselskap.
SFE meiner prisnedgangen skal kome kundane til gode. Men det er det ikkje alle som meiner. For Sunnfjord Energi gjer som dei har varsla, nemleg å sette opp prisen til vel ei krone og tjue øre - i alle fall fram til 1.februar. Det seier Per Storgjerde, som er administrerande direktør i Sunnfjord Energi.