Det var igår at politiet slo til mot fleire bustader i Bergen i tillegg til eit hus på Sotra. Rundt ti personar vart tatt inn til avhøyr etter aksjonen.
Fire personar er no sikta for hallikverksemd.
Den antatte hovudmannen bak prostistusjonsligaen er i følge Bergens Tidende pågripen i Drammen. I tillegg er ein mann i 40-åra og to kvinner i 20-åra pågripne i Bergen og på Sotra.
Alle dei sikta skal vere frå Estland. Fleire personar kan bli pågripne seier politiet.