Hopp til innhold

Her kjempar dei i land laksen

Fiskekameratane Ole Kjelsnes og Terje Øksenberg har hatt ein eventyrleg start på årets fiske i Flekkeelva. I dag sette sistnemnde ny pers.

Video Laksefiske i Flekke elva

Laksefiske i Flekke elva

I videoen over kan du sjå korleis NRK-fotograf Ole Andre Rekkedal fanga inn augneblinken då ein sekskilos laks bit på kroken til Ole Kjelsnes frå Fitjar på Stord.

Terje Øksenberg frå Korssund kleppar til når det trengs, og laksen kjem på land.

– Det var ein fin laks, men den var skada av ein oter og ville nok ikkje overlevd i elva, fortel Øksnes no dagen etter.

Sette ny pers

Sjølv kunne han likevel smile breitt laurdag. Då NRK snakka med han kring klokka 14.00, var han heilt skjelven.

– Det er heilt utruleg, men eg har nett landa ein storlaks på 12 kilo. Det er ny pers for meg her i elva, fortalde ein svært glad Øksenberg.

Godt samarbeid

Han og fiskekameraten Ole Kjelsnes har ingen planar om å gje seg med dette, og satsar på å fiske kvoten på tre laks per stang også dette døgnet.

– Vi har fiska saman lenge, og kleppar for kvarandre når behovet er der. Men den på 12 kilo måtte eg lande aleine, seier Øksenberg.

– Var det tungt å få den på land?

– Det gjekk greitt. Når ein har fiska så lenge som meg, så veit ein at ein må vere tolmodig og slite ut fisken, fortel den stolte fiskaren.

  • LES OGSÅ:

Liten vasstand

Kjentmann og lokal fiskekjendis, Bjarne Huseklepp, fortel at i løpet av den siste dagen har det og blitt landa ein storlaks på 10,5 kilo.

– Men det kjølige veret fører til lite snøsmelting, så vasstanden er i ferd med å gå ned. Det blir spennande å sjå kva det fører til for fangsten, seier Huseklepp.