Hopp til innhold

Set opp omstridd teater 10. mai

Sogn og Fjordane Teater er i full sving med å førebu teaterstykket "Burn baby burn".

Teatersjef Terje Lyngstad, Sogn og Fjordane Teater.

Teatersjef i Sogn og Fjordane, Terje Lyngstad.

Foto: Heidi Lise Bakke

10. mai er det duka for premiere i Naustdal. Då skal tre skodespelarar og to rånarar få utfalde seg med bensinstasjonen som kulissar.

- Vi skal gjere denne førestillinga. Det er eit kunstprosjekt som ikkje treng godkjenning, slik vi vurderer det, seier teatersjef Terje Lyngstad.

- Ikkje vårt ansvar

Teaterstykket "Burn baby burn" har tidlegare fått massiv omtale i pressa. Politiet meiner teaterstykket vil påverke ungdomar negativt, og truar med bøter. Dei har sagt nei til stykket .

- Eg kan ikkje ta omsyn til at politiet meiner at noko kan ha smitteeffekt. Det ligg ikkje juss, men mykje moral i det. Det må politiet svare for sjølv. Vi skal sjølvsagt snakke med politiet og ha dei godkjenningar som er naudsynt. Men vi går ikkje inn på om kunst smittar over på det verkelege livet. Det kan ikkje vi ta ansvar for heller, seier Lyngstad.

- Heng på bensinstasjonen

Sogn og Fjordane teater er no i full sving med førearbeidet til stykket som i utgangspunktet var tenkt sett opp i Førde .

- Vi held på å intervjue rånarar og heng litt rundt på bensinstasjonen i Naustdal. Alt er i rute, for å seie det slik, seier Lyngstad. Politimeister Johan Brekke seier han framleis ventar på telefon frå teatersjefen.

- Uaktuelt

Han er ikkje orientert om at stykket er endra, slik at politiet kan gje grønt lys. Brekke reagerer på at premieredatoen allereie er sett.

- Då må politiet vere der og stogge arrangementet. Slik som arrangementet var omsøkt, så er det ikkje aktuelt, seier Brekke.

Politiet var også tidlegare inne i biletet då ein rånar, på oppdrag for BT , burna på parkeringsplassen utanfor Biltema. Bilføraren mista førarkortet , men fekk det seinare attende .