Hopp til innhold

Flyttar råneteater

Stykket "Burn Baby, Burn" kan bli flytta frå Førde.

Burn out
Foto: Helge Holst / NRK

– Teaterstykket blir truleg ikkje sett opp i Førde. Vi er på jakt etter ein bensinstasjon med eit større område rundt som lettare kan sperrast av, enn det ein finn i Førde, opplyser teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og Fjordane Teater til firda.no.

Les også: Endeleg nei til råneteater

Trafikkfare

Stykket "Burn baby, burn" skulle etter planen vorte sett opp utandørs i Sentrum Sør i Førde våren 2009. Stykket skulle utviklast i dialog med Førde sitt rånemiljø, og involvere to ekte rånarar i tillegg til to vanlege skodespelarar. "Burning" - der bilane står i ro og spinn med hjula slik at gummirøyken står frå dekka, hopping inn i bilar i fart og bilpiruettar ville fått sentrale plassar i stykket, og det ville ikkje politimeisteren vite av.

Politimeister Johan Brekke viser til vegtrafikklova og faren som knyter seg til slik framferd. I følgje Firda meiner han også at stykket vil skape støy, ureining og i verste fall ei smitteeffekt.

Best-stasjonen

No prøver altså Terje Lyngstad seg i Naustdal. Han har allereie vore i dialog med eigarane av Best-stasjonen i Naustdal.

– Både Magnus Skildheim og Roy Solbakken i Best er positive. Det same er kommunen, seier Lyngstad til avisa.

Trur folk kjem

Han er ikkje redd for mindre publikum dersom Naustdal blir valt som erstatning for Førde. Lynstad viser at folk gjekk mann av huse for å få med seg spelet om Audun Hugleiksson i Jølster.