I dag overrekkjer Post- og teletilsynet rapporten som fortel kvifor mobilnettet ved fleire høve var nede i 2010.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Sist i romjula då uveret Dagmar herja og tok både straum, fasttelefon og mobilnett. Sidan har mange kravd reservestraum på basestasjonane for å unngå at liknande skjer igjen.
– Det er eit forslag som må følgjast opp, og som vil bli lagt fram i dag frå Post- og teletilsynet om å ha reservestraum på plass, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.
40 000 utan mobil
På landsbasis var 390 av Telenor sine over 10 000 basestasjonar ute etter stormen. Opp mot 40 000 mobiltelefonbrukarar var utan mobildekning og utan moglegheit til å ringe verken naudetatar, familie eller vener.
- SJÅ OGSÅ: Her er dei hemmelege GSM-basane
Mobiloperatørane har fått krass kritikk frå fleire hald etter kollapsen. Pålegg om reservestraum er eitt av forslaga frå tilsynet når Meltveit Kleppa i dag får rapporten.
- SJÅ:
– Eit anna er at når ein har mobilnett som verkar, så må ein vurdere om det er nokon som må ha prioritet i dette nettet. Altså samfunnsansvar som må kunne komme fram, framfor andre, seier Kleppa.
Framleis utan mobil
Samstundes som at rapporten vert lagt fram i Oslo i dag, ventar framleis mange på mobilsamband kring om i småbygdene. Mellom andre Steffen Hamre i Davik i Bremanger i Sogn og Fjordane.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Medan hustelefonen fekk summetone i førre veke, er mobilen framleis utan signal. Tre veker etter stormen.
– Den er framleis vekke. Det er Telenor. Netcom er her, resignerer han.
– Mange har skifta
– Det er vanskeleg for dei som driver næring og må ha mobil. Eg veit det er mange her i bygda som har skifta til Netcom berre for å sleppe dette tullet, legg han til.
Hamre lite tru på at det kjem drastiske tiltak etter at rapporten er lagt fram.
– Dei får vel gjerne nokre bøter, men det er vel vi som til slutt må svi for det likevel, seier han.
– Skal ikkje bryte saman
I Lodalen i Stryn har innbyggjarane måtte klare seg utan både mobil og fasttelefon i 16 dagar. Mellom dei er Bjarne Sunde.
– Litt frå og til siste veka, men det er ikkje noko vi kan stole på. Det må til ei opprusting på linjenettet. Det skal ikkje bryte saman slik som det har gjort, meiner han og ikkje legg skjul på at det har vore tøft å klare seg utan den tryggleiken telefonen gir.
– Det har vore litt ugreitt. Spesielt då vi var straumlause, veglause og ingen telefoni på noko måte. Det tykte eg var litt skummelt, seier han.