Hopp til innhold

Set inn passasjerbåt mellom Vik og Vangsnes

VIK (NRK): Ein skyssbåt med kapasitet til 48 personar vert sett inn mellom Vik og Vangsnes rundt klokka 12.00 i dagen. Vegen mellom Vik og Vangsnes kjem til å vere stengd i fem dagar.

Olav Turvoll, ordførar i Vik

FÅR PÅ PLASS BÅT: Ordførar Olav Turvoll i Vik seier skyssbåten skal vere på plass om lag klokka 12. I bakgrunnen skimtar ein rasstaden i Galden.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kommuneleiinga i Vik har sete i krisemøte etter at det i dag tidleg vart kjent at digre steinar stengjer riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes.

Statens vegvesen melder tysdag klokka 14 at vegen ikkje vert opna før om fire fem dagar.

Det skapar utfordringar på mange vis, spesielt for dei som pendlar strekninga dagleg.

– Det ser ut til at vi har god kontroll på dei kommunale tenestene, både skule, pleie og omsorg. Førebels har vi akuttberedskap også, men det er meldt dårleg vêr på fjellet, så det kan bli eit problem viss det blir stengt, seier ordførar i Vik, Olav Turvoll.

Det vert sett inn ein passasjerbåt som har kapasitet til 48 personar og går i 25 til 30 knop.

– Den skal gå mellom Vik og Vangsnes, og kan også ta akuttoppdrag dersom det vert naudsynt, seier Turvoll.

Kommuneleiinga går klokka 10.30 i nytt møte for å diskutere korleis dei skal leggje opp rutene for båten som skal gå mellom Vik og Vangsnes.

Må finne løysing for skuleborna til i morgon

Skuleborna på Vangsnes som skulle teke skulebuss til Flatbygdi skule i Vik, kjem seg ikkje på skule i dag.

– Her er det viktigaste nå få rigga noko til morgondagen, seier Turvoll.

I tillegg er det mange eldre som treng hjelp frå heimesjukepleia, både på nordsida og sørsida av raset.

– Det er tilsette i den avdelinga som bur på begge sider av raset. Difor har vi kunne omorganisere slik at dei tek pasientar på den sida dei bur, seier Turvoll.

– Kva gjer ein med tanke på akuttberedskapen?

– Leikanger og Balestrand kan ta imot akutte legebesøk. I tillegg har vi den skyssbåten som vert sett inn, i tillegg til ambulanse som kan køyre Vikafjellet, seier Turvoll.

Store steinar sperrar riksveg 13

STORE STEINAR: Raset mellom Vik og Vangsnes gjekk i natt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Meiner dei har kontroll på beredskapen

Ifølgje vêrmeldingane er det meldt stiv kuling og 14 sekundmeter vind, samt snø på Vikafjellet i 14-tida i dag. Dermed kan riksveg 13 over Vikafjellet bli stengd på kort varsel. Det uroar ordføraren.

– Det blir straks mykje vanskelegare. Men akuttberedskapen meiner vi at vi har god kontroll på sidan vi får båt på plass i 11.30-tida. I tillegg har vi luftambulansen, seier Turvoll.

Geolog og geoteknikar skal i føremiddag vurdere rasstaden.

Skyssbåten Tornerose

SKYSSBÅT: M/S Tornerose skal skysse passasjerar mellom Vik og Vangsnes medan vegen er stengd.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi ventar også på eit reinskelag som skal rydde i fjellsida. Deretter må vi få undersøkt vegbana og muren under, for å sjå kor omfattande skadane er, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.