Hopp til innhold

Sender knoklar til Oslo for DNA-undersøking

Fredag fann ein turgåar menneskeknoklar ved Ervik utanfor Bergen. Påtaleansvarleg Eli Andrea Skaar fortel at dei no jobbar med identifiseringsarbeidet.

– Det blei ikkje funne noko på avdøde som kunne hjelpa i den retninga, seier ho. Ho fortel at dei har sendt bein til Oslo universitetssjukehus for å få henta ut DNA. Dei reknar med å få svar derfrå om 1–2 veker.

Til VG opplyser Skaar at storleiken på skoa som er funne kan indikera at den avdøde er ein mann.

– Men det kan også vera ei kvinne med større føter, seier ho til avisa.

Ervik

Turgåer fant menneskeknokler i Bergen

Turgåer fant knokler i Ervik i Bergen og ringte politiet. Viste seg å være levninger etter et menneske.