Hopp til innhold

Send inn din beste kortfilm

For 11. året på rad inviterer Qfilm-festivalen deg til å sende inn din beste kortfilm. Du kan vinne eit speilreflekskamera om du stikk av med Publikumsprisen.

Linda Hagen Myklebust og Johanne Nyborg

ØNSKJER MANGE KORTFILMAR: Leiar Linda Hagen Myklebust og nestleiar Johanne Nyborge venar på din film.

Foto: Qfilm

Ungdommane ved Firda vidaregåande skule er i full gang med planlegginga av årets festival. Målet er å inspirere og engasjere ungdom til å produsere kortfilmar.

Qfilm er ein filmfestival der kreativ ungdom får vise kva dei kan om film, samt lære meir om film via forskjellige aktivitetar, foredrag og kinovisningar. Årets tema er «Adventure».

– Vi skal vise eventyrlege, overnaturlege og spennande filmar, fortel Rebekka Thistel som er ansvarleg for prisutdelinga.

Ho resten av gjengen bak festivalen er godt i rute og gler seg.

– Vi gler oss kjempemasse. Vi har godt samarbeid, det er kjekt og vi har mykje å gjere, seier ho.

Ønskjer film i alle sjangrar

Årets Qfilm-festival blir arrangert frå 19.–23. november. Sjølve gallakvelden blir torsdag 22. november. Her blir det raud løpar og festpynta publikum. Vegard Leite skal syngje og det blir forskjellige musikalske innslag frå elevar skulen.

Filmfestivalen ønskjer seg mange filmar og filmen du sender inn treng ikkje høyre til sjangeren «Adventure». Her er det fritt fram. Men øvre aldersgrense for å sende inn film er 23 år.

Kategoriane i år er:

  • Beste fiksjon
  • Beste dokumentar
  • Beste regi og manus
  • Publikumsprisen
  • Juniorpris
  • Beste etterarbeid

Send inn din beste kortfilm og du kan vinne fine premiar. NRK Sogn og Fjordane stiller med ein flott premie til den som vinn Publikumsprisen. Premien er eit speilreflekskamera som også kan ta opp video.

I dei andre kategoriane blir også vinnarane premierte.

Stemmer fram beste film

Dei som er med i kategorien Publikumsprisen, blir lagt ut på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider. Her kan nettlesarane stemme på den filmen dei likar best.

Filmane i kategorien Publikumsprisen kan ikkje ha musikk det er knytt rettar til. Her må du anten lage musikken sjølv eller få løyve til å bruke musikken. Det går også an å bruke musikk som ikkje har rettar knytt til seg. NRK Urørt har musikk som det går an å bruke, berre hugs å kreditere artisten.

Har du lyst å sende inn ein film, kan du sende den til:

Qfilm v/3mk
c/o Firda vidaregåande skule
Firdavegen 21
6823 Sandane

Fristen for innsending er søndag 11. november.