Hopp til innhold

Bustaden din er stadig meir verdt

Prisane kan komme til å stige med opptil 20 prosent før året er omme.

Boligsalg

FRAMGANG I BUSTADMARKNADEN: Eigedomsomsetnaden ser ut til å vere tilbake på 2007-nivå - og 2009 kan bli eit rekordår i Sogn og Fjordane.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Hittil i år har prisane på bustader i Norge stige med 16 prosent, og fleire ekspertar trur vi kjem til å nærme oss 20 prosent før 2009 er historie.

Og: Det går mot rekordsal av bustader.

- Det skal mykje til for at ikkje bustadsalet i år overgår 2007-nivået. Dermed ligg det an til å bli det beste bustadsalet på 2000-tallet, seier Mari Paulsrud til Dagens Næringsliv.

Ho utarbeider det såkalla Boligmeteret på oppdrag frå Eiendomsmegler 1, og lanserer tala for Norge sett under eitt.

Dei største stadene liknar

Men også i Sogn og Fjordane ser tala lysare ut enn på lenge.

- Talet på omsette bustader er større enn nokon gong. Og det ser ut for at prisane er tilbake der dei var i 2007 - minst, seier eigedomsmeklar Heidi Berge i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Ho meiner fylket viser meir varierande tal enn landet elles, og at det i utkantane svingar meir i marknaden ettersom konjunkturane utviklar seg.

Men for Førde, Florø, Sogndal, Måløy, Nordfjordeid og Stryn kan tala samanliknast med resten av Norge.

- Ikkje lett å spå

No ser det ut for at banken går mot eit kjempeår innanfor eigedomsomsetnaden i Sogn og Fjordane. Men det såg ikkje akkurat slik ut ved årsskiftet.

- Det såg mørkt ut i fjor, men det vart annleis enn vi trudde. Og det ser lyst ut også for 2010, seier Berge.

- Men det er ein lærdom vi kan ta av 2009; det er ikkje lett å spå i denne bransjen, seier ho.

Mange trur på prisauke

Totalomsetnaden for 2009 kan komme til å hamne oppunder 70.000 bustader for landet sett under eitt. Tilsvarande tal for rekordåret 2007 var på 67.189 selde bustader.

Ifølgje rapporten Boligmeteret frå Opinion trur 30 prosent av oss at bustadprisane skal vidare oppover neste år, medan berre tre prosent trur på eit fall i marknaden.

43 prosent trur at prisane er høgare om tre år.