Seks nye smitta i Ullensvang

Seks nye personar er stadfesta smitta av koronaviruset i Ullensvang kommune i dag. Det er påvist smitte blant både brukarar og tilsette i heimebaserte tenester i Odda, noko som gjer det utfordrande å halda oppe normal drift, skriv ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding.