Hopp til innhold

Seier opp 13 i Arna

Vest Busscar legg ned produksjonen av minibussar i Arna i Bergen. 13 arbeidarar misser jobben.

Det er no 30 tilsette att i Stryn-konsernet si avdeling i Arna.

- Vi har prøvd å produserer minibussar dei siste åra, men vi har ikkje greidd å få lønsemd i det. Det var noko vi starta med for å sjå om det var lønsamt. Når vi ikkje får det til, har vi funne ut at det er greiast å legge det ned, seier styreleiar Per Dag Nedreberg i Vest Busscar Service.

Kroken på døra

Stryne-konsernet Vest Busscar si avdeling i Arna har i fleire år innreidd ulike typar kassebilar til minibussar. Men no set verksemda kroken på døra for vidare minibuss-produksjon, og 13 tilsette misser jobben.

Sel meir deler

- Dette får likevel ikkje vidare konsekvensar for dei 30 andre tilsette i Arna, seier styreleiar Per Dag Nedreberg.

- Vi kjem til å halde fram som før med verkstad og delesal. Det er lønsame verksemder som kjem til å gå for fullt og som og kjem til å auke på framvoer. Etter kvart som vi sel fleire store bussar i dette området, så er det og behov for å selje fleire deler.

- Vil det føre til fleire tilsette og?

- Det får vi vurdere etter kvart, men no har vi tilpassa bemanninga etter den situasjonen vi har når minibussproduksjonen blir lagd ned 1. juli.

Dei oppsagde er ettertrakta

- Kva med dei 13 som misser arbeidet?

- Slik vi ser det er det ikkje vanskeleg for dei å få seg ny jobb. Vi har vore i kontakt med fire store bedrifter i området, og dei har vore veldig opptekne av å få tak i dei folka som vi har måtta seie opp.

- Er det vanskeleg å konkurrere med minibussprodukjson på den norske marknaden?

- Vi har iallfall ikkje lukkast med det, og då tek vi konsekvensen av det.