Det seier Torleif Jacobsen som er leiar for Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane. - Akkurat den prikken av norgeskartet er eit område med spesielt landskap, og då må ein tenkje seg litt om, meiner han.
Sjeldan lynghei
I dette området vil altså Sogn og Fjordane Energi bygge ein vindmøllepark til 250 millionar kroner. Parken skal ligge nordvest for Leikanger, og kan forsyne 5500 husstandar med straum. Men ikkje berre er området SFE har kasta auga på tilhaldsstad for kring 30 truga fugleartar - men naturtypen i området, såkalla kystlynghei, er svært sjeldan, seier Jacobsen. - Vi må til Skotland for å finne noko liknande landskapstype.
Han er ikkje i mot vindmøller, men meiner ein heller bør finne andre betre eigna plassar der vegetasjonstypen ikkje er så sjeldan.