Hopp til innhold

Lasteskip blir Noregs største seglskip med vindkraft-master

Gamle skip utstyrt med heilt ny grøn teknologi tar i bruk den eldste framgangsmåten på sjøen: Vinden.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Eit framtidsretta prosjekt skal bidra til å kutte utslepp i godstransporten dei neste åra.

Testskipet SC Connector får i desse dagar installert såkalla «rotorsegl».

Konseptet er enkelt: Svære master utan segl som roterer med vinden. Den snurrande teknologien skapar ekstra vindstyrke rundt mastene.

Akkurat som vanlege segl, skubbar dei skipet framover.

Med 35 meter høge master får lasteskipa like stor kraft som den tremasta barken Statsraad Lehmkuhl, Noregs største seglskip.

– Dette kan utgjere ein betydeleg del av energibehovet vi har for framdrift, seier dagleg leiar Ole Sævild i selskapet Sea Cargo.

Blir Noregs største

Målet er at dagens lasteskip under gode forhold skal kunne gå utelukkande på vindkraft

SC Connector frå 1997 får i haust installert to rotorsegl og ein batteripakke. Med ein total høgde på 56 meter blir dette Noregs største seglskip.

Skipet går i dag i rute mellom Noreg, Storbritannia og Europa.

Sea Cargo reknar med å kutte utslepp og kostnadar med 25 prosent. Talet kan på sikt bli langt høgare.

– Vi kan komme over femti prosent med ein optimal løysing. Under ideelle forhold kan vi segle utelukkande på vinden, og i tillegg ha nok straum om bord til å drive skipet. Det betyr ingen utslepp frå skipet, seier Sævild.

Rotorseil Sea Cargo
Rotorseil Sea Cargo
Rotorseil Sea Cargo
Rotorseil Sea Cargo
Rotorseil Sea Cargo

Millionstøtte frå Enova

Selskapet har investert fleire titals millionar kroner i pilotprosjektet, som dei er trygge på at vil bli lønnsamt på sikt.

I tillegg har det statlege Enova gått inn med nesten 19 millionar kroner.

– Skal vi nå måla om lavutslepp-samfunnet i 2050, er det veldig viktig at internasjonal godstransport reduserer sine utslepp, seier strategidirektør Tonje Foss i Enova.

Ho trur vindkraft-piloten til Sea Cargo kan vere ein del av løysninga.

– Det er både spennande og artig at slike selskap går føre og testar dette i fullskala, seier Foss.

Statsraad Lemkuhl

KRAFTIG: Lasteskipa får like stor kraft som den tremasta barken Statsraad Lehmkuhl, Noregs største seglskip.

Foto: Bruno Girin / Wikimedia / Flickr

Enova meiner at testinga blir avgjerande for å vite om rotorsegl-teknologi er noko ein bør satse på i framtida.

– Innovasjon er i utgangspunktet risikosport, og det er vanskeleg å seie korleis det vil gå på førehand. Derfor er det viktig at ein får prøvd dette i reelle farvatn, seier Foss.

Justerbare segl

Teknologien er laga slik at segla kan hevast og senkast under segling. Funksjonen er designa med tanke på den vêrharde Nordsjøen, slik at skipet kan komme under bruer og inn i hamnar.

Hjå reiarlaget i Bergen trur dei lasteskip med snurrande rotorsegl blir eit vanleg syn langs norskekysten om nokre år.

– Det håpar og trur eg. Vi bur i eit område med mykje vind, som betyr mykje gratis energi. Å ikkje nytte seg av den, vil vere feil, seier Sævild.

SS Connector Bergen

I DAG: Slik ser SC Connector ut i dag. Skipet går i trafikk mellom Noreg, Storbritannia og Europa.

Foto: OLE KRISTIAN OLSEN / OLE KRISTIAN OLSEN