Hopp til innhold

Sauebonde tiltalt – skal ha brukt øks som bedøving

Ein sauebonde frå Vestland er tiltalt for fleire brot på dyrevelferdslova. I 18 år skal han ha slått sauer med øks – som bedøving – før avliving.

Saueflokk

Sauebonden frå Vestland brukte feil metode for bedøving før avliving, ifølge tiltalen. Biletet er ikkje frå besetninga til bonden.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det er eit sentralt punkt i dyrevelferdslova at dyret skal bedøvast før avliving.

No er ein erfaren sauebonde frå Vestland tiltalt for fleire lovbrot. Han skal mellom anna ha brukt «øks eller liknande» som bedøving i samband med avliving av sau.

Politiet meiner metoden var eigna til å gje auka risiko for at dyra var medvitne under skjering av halsårer og blodtapping.

– Dette er ei veldig alvorleg sak, fordi dyr har blitt utsette for lidingar og fare for lidingar, seier politiadvokat Inger Helen Stenevik i Vest politidistrikt.

I 18 år har bonden ifølge tiltalen brukt denne metoden i samband med avliving av sau.

Ifølge påtalemakta sende han også sau til slakt på vanleg måte. Men i tillegg skal han ha utført avliving av sau til eige bruk.

Forsvararen til mannen, Ivar Blikra, skriv til NRK at han ikkje har nokon kommentar til saka på noverande tidspunkt.

Politiadvokat Inger Helen Stenevik

Politiadvokat Inger Helen Stenevik seier sauebonden systematisk har brukt feil bedøvingsmetode.

Foto: Bård Siem / NRK

– Berre i naudstilfelle

Dyrevelferdslova er tydeleg på at dyret må vere medvitslaust før avlivinga byrjar og heilt til døden finn stad.

Animalia er eit norsk fag- og utviklingsmiljø innanfor kjøtt- og eggproduksjon. Dei skriv at det blir anbefalt å bruke boltepistol med ammunisjon for større lam/kje og vaksne dyr.

Slagvåpen som øks kan berre brukast heilt unntaksvis:

«I nødstilfelle der det ikkje finst alternativ, kan bedøving med eit kraftig slag mot hovudet med ein langskafta, tung gjenstand med treffpunkt bakfrå, også brukast på dyr over 5 kg».

Sauer

Retningslinene er ulike for avliving av sau som er under og over fem kilo (illustrasjonsbilete).

Foto: Scanpix

På mindre dyr, under fem kilo, kan derimot baksida av øksehovudet nyttast.

«Vanleg (penetrerande) boltepistol bør ikkje brukast til spedyr. Dei har mjuk skalle slik at ein ikkje nødvendigvis oppnår hjerneristing og effektiv bedøving, sjølv om bolten trenger inn i hjernen.»

Politiet meiner sauebonden over tid systematisk brukte gal metode – det vil seie slag frå øks på store dyr.

– Problemet er at det gir ein auka risiko for at ein ikkje får ei momentan, effektiv bedøving – samanlikna med for eksempel boltepistol – fordi ein ikkje treff godt og kraftig nok, seier Stenevik.

Eksempel på boltepistol for avliving av sau, gris og geit.

Dette er eksempel på boltepistol som blir brukt for bedøving av til dømes sau før dei blir avliva.

– Fleire brot på lova

I tillegg til sjølve avlivingsmetoden, kjem det også fram påstand om andre lovbrot i tiltalen.

  • I april unnlèt bonden å passe på og hjelpe ein høgdrektig sau, sjølv om han fekk varsel om tilstanden til dyret. Han unnlèt også å sørge for avliving av dyret, som var i særs dårleg forfatning. Han kontakta heller ikkje dyrlege eller beskytta sauen mot angrep frå andre dyr.
  • Han unnlèt å sørge for vern av spelamma som mora ikkje var i stand til å passe på. Han sørga heller ikkje for at dei fekk nok råmjølk.
  • Mangel på tilsyn av høgdrektige dyr førte til at tilsyn berre vart utført ein til to gonger i døgnet. Det førte igjen til at lam sette seg fast i gjerdet.
  • Fleire av sauene mangla øyremerking eller var feilmerkte. Vidare var dyrehaldjournalen ikkje-eksisterande eller særs mangelfull.

Saka starta då ein person oppdaga ein hjelpelaus sau og kontakta dyrlege.

I neste omgang fekk Mattilsynet og politiet beskjed.

Det kan no bli lagt ned påstand om at bonden får såkalla aktivitetsforbod. Det betyr at han ikkje får drive med sauehald i framtida.

Påtalemakta tek endeleg stilling til dette under hovudforhandlingane som startar i februar.