Hopp til innhold

Sandra (23) kjempar med nær 500 andre om jobb

FLORØ (NRK): Sandra Nekkøy (23) er ein av dei nyutdanna som kjempar hardt om å få ein moglegheit i arbeidsmarknaden. Nær 500 har søkt jobben ho vil ha.

Sandra Nekkøy har søkt traineestilling

ANDRE ÅRET: Sidan forrige gong ho søkte på traineestilling, har Sandra Nekkøy skaffa seg ein mastergrad i shippingledelse. Ho håpar graden kan hjelpa ho i kampen om traineestillinga.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

No har ho søkt traineestilling i Framtidsfylket for andre gong, men ho hadde håpa at fleire maritime bedrifter deltok i traineeordninga.

– Når du tenker på kor mange som søker, skulle det gjerne vore fleire stillingar.

Dette er det andre året Nekkøy søker på traineestilling. Ho har eit sterkt ønske om å vere blant dei 19 heldige som får plass. Nær fem hundre har søkt.

– Eg har brukt lang tid på søknad og CV, og gjort mitt beste, seier Nekkøy.

I fjor var Florøværingen ganske nær å få traineestilling, men nådde ikkje heilt opp. Sidan det har ho teke ein master i shipping i utlandet.

– Nytt år, nye moglegheiter. Det er ikkje vits i å gi opp.

– Vi treng mange

Dagleg leiar Gro Rukan er stolt over at Framtidsfylket har klart å få til 21 traineestillingar i Sogn og fjordane. Likevel fortel ho at Framtidsfylket framleis treng bedrifter innan mange ulike fagfelt, særleg i privat sektor.

Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket

TRENG BEDRIFTER: Gro Rukan fortel at Framtidsfylket har behov for mange bedrifter som kan rekruttere traineear.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Blant anna industrifag, maritim sektor, biologifag, oppdrettsnæring, landbruksnæring og logistikkfag.

Rukan håpar at programmet er noko fleire bedrifter ønsker å ta del i.

– Traineeordninga er eit kjempepotensial for å flytte ungdom til Sogn og fjordane, og utvikle det samfunnet vi har.

Søker til ho får jobb

Sjølv om det er mange søkarar til traineestillingane, har Nekkøy ei forståing grunna nedgangstider i næringa. Ho skal likevel fortsette kampen.

– Ein kan ikkje berre gi opp fordi det er mange som søker. Det er jo ein hard kamp om plassane, men det er berre å søke og søke til du får jobben.

Sandra Nekkøy har søkt 40 jobbar

SØKT 40 JOBBAR: Utanom traineestillinga har Nekkøy søkt 40 jobbar, og er inne og sjekkar om det er ledige stillingar kvar dag.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Utanom traineestillinga har Florøværingen søkt 40 jobbar, og er inne og sjekkar om det er ledige stillingar kvar dag.

– Eg kjem til å søke vidare på andre jobbar og traineestillingar, og held håpet oppe.

Fleire store er med

HR-leiar i Fjord1, Cicilie Færestrand

HR-leiar i Fjord1 Cicilie Færestrand.

Foto: Privatfoto

Etter mange år på sidelinja bestemte Fjord1 i 2015 seg for å vere med i Framtidsfylket.

– Det såg ut som eit bra opplegg, og difor heiv vi oss rundt og blei med for første gang i fjor. Etter gode samtalar med mange flotte unge menneske tilsette vi til slutt ei jente som tok med seg familien og flytta frå Bergen til Florø, seier HR-leiar Cicilie Færestrand.