Hopp til innhold

Samlar gruppe for speleavhengige

Fotballspelaren Ørjan Hopen (19) startar støttegruppe for speleavhengige i Sogndal. Både for å hjelpe andre, og for å få hjelp sjølv.

Ørjan Hopen

SKAL HJELPE ANDRE: Sogndalspelaren Ørjan Hopen vil starte ei støttegruppe for speleavhenginge. Slik skal han hjelpe både andre, og seg sjølv.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det er ikkje noko hokuspokus. Det handlar om å opna seg og få ut det du har på hjartet, seier 19-åringen.

– Eg kan ha forståing for at folk ikkje trur at det å samlast over ein kaffikopp og ta ein prat ein gong i veka skal gjera underverk, men mi erfaring frå møta eg var på i England er at det ikkje skal meir til for å halda det i sjakk.

Stod fram

Hopen stod fram med problema sine 25. november i fjor. Då hadde han levd med store speleproblem sidan tidleg i tenåra. Alt hadde gått over styr og ei lang rekke kreditorar ville ha att pengane han hadde lånt for å halde spelinga i gang.

Telefonen ringte i eitt sett med alt frå trugsmål om knuste kneskåler, til fortvila familiemedlemmer som bad han skaffe seg hjelp.

– Eg hadde «sopt botn» ganske lenge og kunne ikkje kome lenger ned. Det er vel det du kallar å koma heilt til bunns, seier Hopen.

No er det 109 dagar sidan han spelte sitt, til no, siste pengespel.

Fekk hjelp i England

Samtidig som speleproblema var fullstendig ute av kontroll, opplevde Hopen i fjor sitt store gjennombrot på fotballbana. 19-åringen skåra seks mål i eliteserien for Sogndal og markerte seg med eit skotbein få andre i norsk fotball kan matche.

Statusen som stigande fotballstjerne gjorde at han fekk raskare og betre hjelp enn mange andre når han først vedgjekk problema sine.

Januar brukte han i England på Sporting Chance-klinikken, eit behandlingssenter for fotballspelarar med ulike avhengigheitsproblem. Erfaringane derifrå vil han no dele med andre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hopen

JUBELÅR: 2011 var eit jubelår for Hopen på bana. Utanfor var det verre.

Foto: Yttri, Tor / Scanpix

– Eg treng hjelp

– Eg vil prøva å engasjera andre som er i same situasjon som meg. Eg er heilt avhengig av andre for at eg skal klara å halda meg i den «fila» eg er i. Og så håpar eg sjølvsagt at eg kan hjelpa andre.

– På ein måte håpar eg at det ikkje kjem nokon på møtet. Eg håpar jo ikkje at det er andre i same situasjon som meg, men på den andre sida håpar eg det kjem mange, seier Hopen.

Måndag 19. mars sit han klar på ei adresse i Sogndal saman med to representantar frå Anonyme Gamblere Norge. Hopen ber dei som vil komme om å ta kontakt med han personleg, på telefon, Facebook eller Twitter. Han garanterer full anonymitet til dei som vil koma.

– Dette er ein syklus. Eg er avhengig av andre og andre er avhengig av meg, seier han.

– Må ville det

Sjølv om han veit om personar i nærmiljøet sitt som kunne trengt ei slik gruppe har han ikkje invitert nokon spesielt til møtet.

– Eg har erfart med meg sjølv at det ikkje nyttar at nokon fortel deg at du skal slutta eller koma på eit møte. Det er når du har lyst til det sjølv at du kan gjere noko med det. Eg er budd på at det kanskje ikkje kjem nokon, men eg legg ikkje ned møtet for det. Då berre stiller eg på same stad ei veke seinare og ser om det dukkar opp nokon då, seier Hopen.