Hopp til innhold

Samla inn over 100 000 til Haiti

- Vi er heilt overvelda over responsen vi har fått, seier Børre Tystad om resultatet så langt for innsamlingsaksjonen Haiti Sogn og Fjordane.

Sambuarparet Anne Lene Lillegraven og Børre Tystad startar innsamlingsaksjon.

Sambuarparet Anne Lene Lillegraven og Børre Tystad starta innsamlingsaksjon for dei jordskjelvråka i Haiti.

Foto: Inger Haldis Aske Lothe/Firda Tidend

Måndag kunne glopparen fortelje om over 100 000 kroner på konto, som skal gå til dei jordskjelvråka i Haiti.

- Pengane går rett inn på Haiti-aksjonen Sogn og Fjordane sin konto, og vil dagleg bli overført til prosjekt Haiti sin konto, fortel Børre Tystad.

Nett komne heim

Tystad starta aksjonen saman med sambuar Anne Lene Lillegraven etter at dei kom heim frå Haiti . Eit jordskjelv på sju i Richters skala, råka landet like etter at sambuarparet var komne heim.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2010_1_22_17_19_46_138.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Jordskjelvet la landet i meir eller mindre ruinar, og har kravd over 100 000 menneskeliv. Det vart raskt klart at landet trengde internasjonal hjelp.

- Tenkte ikkje beløp

- Vi tenkte ikkje så mykje på beløp då vi starta dette. Det var mest som ein impuls, men vi er overvelda over responsen vi har fått her i Gloppen og kring om i Sogn og Fjordane, seier Tystad.

Mellom anna gav auksjonen i føremiddagssendinga til NRK på fredag 16 500 kroner til dei jordskjelvråka .