Hopp til innhold

Fekk inn 462.000 til kreftsaka

Det starta med ei utfordring om å gå ein tur, og enda med ein marsj som fekk inn nesten ein halv million kroner til kreftsaka. Alt i Kenneth Birkenes sitt namn.

Kenneth Birkenes-marsjen

TOK AV: «Kenneth Birkenes-marsjen» fekk inn 462.000 kroner.

Foto: Hanne R. Rosseland

– Det byrja med at me vart utfordra til å gå turen kalla «Langs Åkrafjorden», og samle inn pengar, seier Jorunn Halsnes frå Ølensvåg til NRK.

Det gjorde at ho, saman med Anne-Britt Grindheim, bestemte seg for å delta på den 11 kilometer lange turen som blir arrangert kvart år i Etne.

Jorunn og Anne-Britt kombinerte turen med å opprette «Kenneth Birkenes-marsjen», og det gav resultat.

– Nøgd med 10.000

Kenneth Birkenes

ENGASJERTE: «Kenneth Birkenes marsjen» engasjerte mange i Etne, og til enda summen opp i 462.000 kroner til forsking på Ewings sarkom. Her er Kenneth frå «Ingen grenser».

Foto: Håvard Jenssen

Kenneth Birkenes som vart ramma av den sjeldne krefttypen Ewings sarkom som fjortenåring, og i sommar vart han friskmeldt for fjerde gong.

Kenneth gjorde seg merka i TV-serien «Ingen grenser» med Lars Monsen i 2013, og fordi Jorunn kjenner godt til Kenneth bestemte dei to damene seg for å samle inn pengar til forsking på akkurat Ewings sarkom.

– Kenneth er frå Etne, og han er ein heilt fantastisk person. Folk likar å bidra lokalt, så eg trur det at me fekk lov til å bruke han sitt namn var det som gjorde at dette tok av, seier Jorunn.

– Me vart einige om at dersom me fekk inn 10.000 kroner ville me vera nøgde, men pengeinnsamlinga enda med heile 462.000 kroner til kreftsaka, seier ho.

Deltakarrekord

Kenneth Birkenes-marsjen

KLEDDE SEG UT: Mange kledde seg ut under «Kenneth Birkenes-marsjen». Her er initiativtakarane Jorunn Halsnes og Anne-Britt Grindheim før marsjen.

Foto: Privar

Det tok av, for mange frå næringslivet bidrog med pengar til marsjen, og rundt 120.000 kroner kom frå privatpersonar. I tillegg hadde «Langs Åkrafjorden» deltakarrekord.

– I fjor gjekk 157 personar, og i år var det 625 som gjekk, og mange hadde tatt utfordringa om å kle seg ut, seier Jorunn Halsnes.

Andre sat bak på bilhengar og spelte musikk, og dei som ikkje klarte å gå deltok ved å sitje på i dei 8–9 veteranbilane som var med på turen.

– Responsen har vore heilt fantastisk, og det er nesten sånn at ein nesten ikkje trur det, seier ho.

Direkte til Haukeland

Dei 462.000 kronene skal gå direkte til forsking, og sjekken skal overrekkast torsdag, på Haukeland sjukehus.

Kenneth Birkenes som no bur no i Elverum var sjølv med på marsjen, og er på Haukeland denne dagen. Han kjem òg til Bergen for å delta på overrekkinga av pengane.