Hopp til innhold

«Vi vil ha meir og meir. Vi vil ha det billegare og billegare. Kva får vi? Eit kjipare samfunn»

Samfunnsdebattant Fridtjov Urdal er ikkje nådig i kritikken. For sjølv om haugevis med hus står ledige i fylket, seier kommunar nei til å ta imot nye Syria-flyktningar.

Fridtjov Urdal

KALDT: Fridtjov Urdal har tidlegare skjemst over å vere norsk.

Foto: Bård Siem / NRK

Stortingsfleirtalet har vedteke å ta imot 8 000 nye flyktningar frå borgarkrigsherja Syria dei neste to åra.

110 av desse har kommunane i Sogn og Fjordane forplikta seg til å ta imot. Allereie står fleire tusen flyktningar på venteliste for å få bustad.

Urdal meiner det er rom for å ta imot fleire flyktningar.

– Vi vil ha meir og meir. Vi vil ha det billegare og billegare. Kva får vi? Jau, eit kjipar og kaldare samfunn, seier Fridtjov Urdal.

– Mange hus står ledige

Han er kulturperson og samfunnsdebattant. Og det er ikkje første gang Urdal uttalar seg krast om asylpolitikken . No tykkjer han lite om at kommunar grunngjev asyl-nei med bustadmangel. For eit stort tal bustader i fylket står ledige. Spesielt i utkantkommunane.

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen og ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, under møte i Sogn Regionråd.

MYKJE TOMT: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp), vedgår at dei har mange ledige hus. Likevel sa dei ja til å ta imot fleire flyktningar enn dei vart spurte om.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ordførar Ivar Kvalen (Sp) i Luster, seier dei har 336 ledige bustader. Sidan husa er i privat eige, er det vanskeleg for kommunen å avgjere at dei skal huse flyktningar.

– Det er alt for mange tomme hus. Det er det ikkje tvil om. Vi vart bedne om å ta i mot fire syriske flyktningar, men gjorde vedtak om å ta imot ti, seier han.

– Dei rømmer

Urdal har liten sans for kommunane som ikkje vil ta imot fleire flyktningar frå Syria. Han følgjer i fotspora til fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik, som torsdag langa ut mot det ho skildra som norsk egoisme .

Konflikten mellom president Assads regime og fleire opprørsgrupper i Syria har kosta 320 000 menneskeliv. Fire millionar menneske er drivne på flukt.

– Både landet, kommunane og vi som folk har eit ansvar for å vere medmenneske. Det er folk som rømmer fordi dei er livstruga, seier Fridtjov Urdal.