Hopp til innhold

Langar ut mot lunken halding til å ta imot Syria-flyktningar

Fylkesleiar Trude Brosvik (KrF) går hardt ut mot den lunkne haldninga til å ta imot ekstra flyktningar frå Syria. – Tøvete, svarar Lars Svein Drabløs (Frp).

Tyvand og Brosvik

KRITISK: Trude Brosvik (t.h.) er lite nøgd med den lunkne haldninga til å ta imot fleire flyktningar frå Syria. Spesielt er ho kritisk til Frp som trekte seg frå forhandlingane. – Dette er ein av grunnane til at eg har vore i mot at KrF skal gå i regjering med Frp, seier ho.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Til no har kommunane i fylket sagt ja til å ta imot 46 ekstra flyktningar frå Syria i år. Og 70 fleire neste år.

Mange viser til mangel på bustader for å seie nei til flyktningar. Fylkesleiaren i KrF er oppgitt.

– Det er trist. Fordi det viser at vi er blitt oss sjølve nok. Det er ikkje bra for det norske folk at vi er blitt så sjølvopptekne, seier Trude Brosvik.

Borgarkrig

Fleirtalet på Stortinget vart i går samde om korleis ein skal ta imot flyktningar frå Syria dei kommande åra. For følgjene av den over fire år lange borgarkrigen i landet er katastrofale.

TURKEY-SYRIA-REFUGEES

FLYKTNINGAR: Fleire millionar syrarar er drivne på flukt. Mange bur i flyktningleirar i nabolanda.

Foto: STR / Afp

Konflikten mellom president Assads regime og fleire opprørsgrupper har kosta 320 000 menneskeliv. Fire millionar er drivne på flukt. Flyktningar bur i leirar i nabolanda, men mange tek seg over Middelhavet til Europa. FN oppmodar Europa til å både hjelpe i Syria, og å ta imot flyktningar.

Det som startet med fredelige protester mot det syriske regimet har utviklet seg til en borgerkrig, som har var i fire år og sendt 11 millioner mennesker på flukt.

SJÅ VIDEO: Borgarkrigen i Syria på 3,5 minuttar.

– Mi oppmoding til kommunane er å prøve å ta imot fleire enn dei hadde tenkt. Dette er ein dugnad i den største flyktningkatastrofen som verda har hatt på lenge, seier Brosvik.

Kritisk til Frp

Brosvik meiner kommunane burde ta imot fleire flyktningar. Ho er spesielt kritisk til Frp som trekte seg frå forhandlingane.

Lars Svein Drabløs

TØVETE: Fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs, tykkjer kritikken frå Trude Brosvik (KrF) er tøvete.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det hadde stått meir respekt av Framstegspartiet at dei trekte seg, dersom dei verkeleg meinte at dei skulle hjelpe folk i nærområdet og var villige til å bla opp det som det kostar å ta imot desse flyktningane i Norge, seier ho.

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Lars Svein Drabløs, er ikkje overraska over kritikken frå Brosvik, men den er tøvete. Han vil hjelpe flyktningane i nærområdet.

– Må ha litt realisme

Statsminister Erna Solberg

PRESENTERTE: Statsminister Erna Solberg (H) presenterte i går kva Stortinget kom fram til i Syria-avtalen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Her må vi ha litt realisme i det vi snakkar om. Vi har over 5 000 sitjande i mottak som ventar på integrering. Skal vi då ta inn 10 000, slik Trude Brosvik vil, så blir det frykteleg krevjande, seier Drabløs.

– Her er det ei enorm flyktningkatastrofe i Europa sitt nærområdet, og Norge er eitt av verdas rikaste land. Skal vi då stengje døra? Er ikkje dette rein egoisme?

– Nei det er ikkje det. Eg meiner det er mykje betre å hjelpe folk i nærområdet enn å ta nokre tusen hit til Norge.