- Vi er alltid skeptiske når sprengstoff blir brukt til andre føremål enn det er meint for. Skal sprengstoff nyttast til saluttar, må ein ha tenkt gjennom alle risikoforhold på førehand. Dessutan må ein har sertifikat og godkjenning frå politiet, seier Hagehaugen.
Det fins ingen særskilde reglar for korleis ein skal gjennomføre saluttar til sjøs. I slike tilfelle må ein halde seg til dei generelle føreskriftene.
Politisak
Hagehaugen seier at den fatale salutten i Ulvesundet i Måløy no fyrst og fremst er ei politisak, men at direktoratet truleg får den til vurdering for å sjå om det har vore brot på føreskriftene.
- Men det er godt at ikkje liv gikk tapt, seier Hagehaugen.