Formann for Osterøy industrilag, Lars Magne Bysheim seier det har vore fleire nesten-ulykker.
Bratt, glatt og smal
- Me har mange eksemplar, særleg i år. Fleire gonger har trailere stått utanfor vegen og kanskje vippa på eit rekkverk. Det går rykte i miljøet at det er håplaust å køyre når ein kjem til Osterøy. Dermed får me problem, sier han.
Det er vegstrekninga mellom Lonevåg og Tysse, og Lonevåg og Flatevad som skapar problem for både industri og lokalbefolkning på Osterøy.
I tillegg til at vegen er bratt og smal har Statens vegvesen i år bestemt seg for å slutte å salte store delar av sterkninga. Noko som får alvorlege konsekvensar for dei mange industribedriftene i området.
For liten trafikk
- Dette held ikkje. Me klarar ikkje å halde den drifta me ynskjer. Me må ha varene våre trygd inn, seier Bysheim.
Men sjefsingeniør i Statens vegvesen Gunnar Kråkenes, seier det rett og slett ikkje er nok trafikk i området til at salting gjev eit godt nok resultat. Samtidig ligg det også økonomiske årsaker til grunn.
Kråkenes utelukkar likevel ikkje at det kan bli aktuelt å begynne å salte vegstrekningane igjen.
- Me tar signala med oss, så får me sjå på det vidare, seier han.