- Vestlandet er leiiande innan eksport. Difor burde me hatt eit regjeringsmedlem i forhold til næring, fiskeri eller olje, seier styreleiar i Bergen næringsråd, Egil Herman Sjursen.
Han tykkjer at det er overraskande og skuffande at både næringsministeren og oljeministeren kjem frå Nordland, og fiskeriministeren frå Finnmark.
Gratulerer forsvarsministeren
Han gratulerer likevel Anne-Grethe Strøm-Erichsen med posisjonen som ny forsvarsminister.
- Bergen Næringsråd har alltid hatt eit godt samarbeid med Strøm-Erichsen, og vil ønskja ho lukke til med store utfordringar, fortel Sjursen.