To personar frå Gloppen Røde Kors som vart flogne opp med helikopter i føremiddag, har leita for å finne turgåaren i området ved Tverrelvfjellet mellom Rygg og Hyen.
Dårleg sikt
Det var berre 20 meter sikt i fjellet. Turgåaren ringde på mobiltelefon litt før klokka halv åtte i dag tidleg fordi han ikkje fann vegen ned att frå fjellet.
– Han hadde starta turen i godt ver i går, og fekk problem med å orientere seg då veret slo om, seier lensmann Nils Ove Roset.