Hopp til innhold

Sakna mann kom til rette

Ein mann som kom vekk frå turfølget sitt på Storebrekken i Samnanger, blei i natt funne av luftambulanse og frakta ned. Det blei sett i verk eit større søk etter mannen etter at turfølget hans melde han sakna litt før kl. halv to i natt. Mannen var våt og kald då han blei funnen, men uskadd, opplyser Vest politidistrikt.