Hopp til innhold

Frekk hjort på epleslang

Eit nabolag i Florø har ofte besøk av hjortar som tuslar rundt i nabolaget. Og særleg i ein hage er det noko som fristar.

For der er det nemleg epletre. Den eine prøvde seg først ein gong, men så vart den jagd vekk. Etter å ha vandra litt rundt i ein annan hage, våga den seg opp igjen.

Og då var det berre å forsyne seg. Frank Tangen bur i nabolaget og her kan du sjå det han filma: